Kokken Frank forklara og lærte vekk enkle matrettar til ungdommane.
Kokken Frank forklara og lærte vekk enkle matrettar til ungdommane.

Sunt kan vere godt – og billig

Elleve ungdommar i Vrådal fekk gode tips og råd om kva som kan vere gode, sunne og rimelege middagsval – og betre enn ferdigpizza – når dei flyttar på hybel.

– Kva er billig, sunt og godt og mat som de blir mette av, spurde kokken Frank då elleve ungdommar i august hadde møtt fram til matkurset «Dig in – sunn mat for ungdom» på oppvekstsenteret i Vrådal.

Det var sanitetskvinnene i Vrådal som stod for arrangementet, etter inspirasjon frå liknande matkurs som har blitt arrangert for unge elles i landet.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet med aktiviteten er å hjelpe ungdom som skal bu, eller alt bur åleine til å få gode matvanar. Fokuset er å lage og ete gode næringsrike og rimelege middagar, og på kurset i Vrådal fekk deltakarane både sjå, lære og smake enkel hybelmat.

Gode råd

I dag bur mange tusen menneske mellom 15 og 20 år åleine på hybel, i hybelhus eller i bufellesskap. Det å bu åleine og klare seg sjølv kan by på ulike utfordringar. Kva om matbudsjettet ryk – kva skal ein då lage til middag? Når mor og far ikkje lengre har ansvaret for den daglege føda kan det vere lett å ty til ferdigmat, eller droppe eit hovudmåltid.

Men det er her Sanitetskvinnene ville kome med gode råd om korleis dei unge kunne gjere hybellivet litt enklare. Sanitetskvinnene i Vrådal spurde den lokale kokken Frank, og han stilte gratis for å gje ungdommane gode råd.

Sanitetskvinnene i Vrådal har fått mange nye medlemmer i sommar og har planar om mange ulike aktivitetar i tida som kjem også. Matkurset for ungdom var eit vellukka arrangement meiner kokken Frank, Jeanett Heistad og Berit Gulliksen frå Vrådal sanitetslag.
Sanitetskvinnene i Vrådal har fått mange nye medlemmer i sommar og har planar om mange ulike aktivitetar i tida som kjem også. Matkurset for ungdom var eit vellukka arrangement meiner kokken Frank, Jeanett Heistad og Berit Gulliksen frå Vrådal sanitetslag.

– Når det er lite pengar å handle for er kikerter, bønner og linser gode og rimelege alternativ til kjøtt i matrettar, tipsa kokken som gladeleg delte kunnskap med ungdommane.

– Og eit godt tips kan vere å handle i Asia-butikkar, sa kokke-Frank, som ikkje vil omtalast som anna enn det.

God olje er viktig

Tre ting som kokken meiner ungdommane bør ha på hybelen er ei stor og god steikepanne, ein god skarp kniv og god olje til å lage mat i.

– Bruk heller litt pengar på å kjøpe god olivenolje eller anna god olje til å steike maten i. Olivenolje er bra for helsa også, smiler han.

– Når de kjem på hybelen i starten av veka kokar de opp ein stor kjele med poteter – slik har de spara tid og har poteter klare til middagsrettane heile veka. Det same kan de gjere med pasta. Bare kjøl det ned etter det er koka og set det i kjøleskapet så plukkar de ut det de treng til dei ulike rettane kvar dag, uttala kokken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg lagar ikkje middag etter oppskrift, eg tar det som passar og som er i kjøleskapet, smilte kokken medan han kutta og steikte dei ulike ingrediensane i panna.

Ferdigpizza er ikkje naudsynt

Kokken meinte at ungdomane burde sjå på ulike brosjyrar etter kvar det var matvarer på tilbod.

– Det kan vere mykje pengar å spare om de er litt bevisste, seier kokken.

– Og mange seier at pølser er så usunt – men det kjem an på korleis ein set saman måltidet ein skal ete. Om ein lagar ein rett med friske grønsaker og kikerter blir det noko anna. Men ein kan ikkje leve av pølse med brød – det er ikkje greitt, smiler kokken.

Ungdommane slår ring om kokken som legg ingrediensane utover kjøkkenbenken.

– Eg vaskar alle grønsaker eg brukar – men eg skrellar ikkje. Det er rett under skalet vitaminene ligg. All maten eg har handla i dag kosta 440 kroner, det er prisen for tre ferdigpizza – då ser de at det ikkje nyttar å leve på slik mat i lengda. Maten eg har her hadde vore nok til måltid i over to veker på hybel, meiner kokken.

Rask mat

– Finn fram steikepanna og sett på plata slik at du får god varme. Kutt ingrediensane ettersom du legg det i panna, forklarar han.

Poteter blir delt i bitar – tre stykk passar til ein porsjon, bitar av gulrot og pølse ligg og fresar i panna før ein boks med linser blir tømt over. Kokken held fram med å tilsetje litt salt og peppar, så drysser han over litt paprikapulver.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ferdig! Raskare enn pizza, ikkje sant?

Han forklarar vidare at det er lett å variere retten med å bytte pølse med tunfisk eller kylling.

– Her kan de variere med det de har lyst på, smiler han.

Taco-rett

– Taco er de kanskje glade i, spør kokken og ungdommane nikkar ivrige.

– Då lagar me ein tacorett i panna med kylling, seier kokken og kuttar kylling i terningar og legg dei i panna.

Potet, finhakka purre og finsnitta kål startar å surre saman med kyllingen. Så blir tacokrydderet, bønner og tomatsaus tilsett.

– Dette er kanskje den dyraste retten eg viser fram, den kostar truleg 30 kroner per porsjon, forklarar kokken medan ungdommane smakar på den kjappe tacoretten medan dei seier at dette var veldig godt.

– Etter eit godt måltid går leksene lettare også. Og hugs at denne maten som de lagar som middag fungerer like godt som niste om du tar restane i ein plastboks med på skulen. Kantinemat er dyrt, og dette er både sunnare og betre som niste, avslutta kokken.