Superduoen stod bak det meste
Jan Inge Rygh og Petter Midtsund Homman leika seg tidvis med gjestene frå Kroken i laurdagens storsiger.
– I dag fungerte det meste, smiler Jan Inge Rygh.
Spissen frå Treungen gjorde som sist gong Kroken stod på motsett banehalvdel – skåra fire mål. Før laurdagens kamp hadde han berre eitt mål denne sesongen. Men han fekk god hjelp i storsigeren, spesielt frå Petter Midtsund Homman. Kviteseidingen spela gjennom Rygh to gonger. Båe gonger blei det straffe som treungen ekspederte i mål. Homman var sist på ballen to gonger, og hadde også to målgjevande pasningar i 8-2-sigeren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saman med Arve Listaul (to mål) leika dei seg til tider mot gjestene frå Kroken.
– Me finn kvarandre bra i dag og trivst saman utpå der, seier Homman.
Seljord var solide i treningskampane i vinter, men har hatt ein tung start på sesongen. No ser det ut til å ha losna. Førre kamp blei vunne 6-2 borte mot Kragerø. Seljord er no nummer sju i 6. divisjon med ti poeng etter sesongens åtte fyrste kampar. Storm 2 har vore suverene med åtte sigrar av åtte moglege.