Ein Hei-spelar meiner denne gjengen er «Svære, gærne og ikke veldig gode». Vinje-trenar Bård Øien trur gjestene får seg ei overrasking i dag.
Ein Hei-spelar meiner denne gjengen er «Svære, gærne og ikke veldig gode». Vinje-trenar Bård Øien trur gjestene får seg ei overrasking i dag.

«Svære, gærne og ikke veldig gode»

Vinje-spelarane vil ikkje mangle ekstra motivasjon før heimepremieren mot Hei i dag.

På forumet oddsen.nu er laurdagens seriekamp mot Hei blant kampane som blir diskutert, og dei fleste som deltek i debatten trur gjestene frå Heistad kjem til å valse over heimelaget, som på dei tri siste sesongane berre har tapa ein kamp heime i Åmot.

Ein Hei-spelar er blant dei som meiner det er klasseforskjell på dei to 4. divisjonslaga.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Vinje er et lag som de fleste andre «bondelag»: Svære, gærne og ikke veldig gode», skriv han på forumet.

«Vinje har vel så vidt jeg kan huske en (!) brukbar spiller som muligens kunne kjempet om plass på laget vårt (…) Med det mannskapet vi har med opp skal vi rett og slett kjøre over dem», held han fram, og får støtte av ein annan:

«Vinje sin styrke går uten tvil på fysikken deres i tillegg til å mangle noe oppe i toppen», står det å lese på nettsida.

Nokre av brukarane åtvarar mot Vinjes heimestatistikk, men fleirtalet meiner pengane bør settast på gjestene. Då kampen blei lagt ut på tippeselskapet Nordicbet var ingen av laga favorittar. Ein fekk 2,15 i odds både på Vinje og Hei. Fredag var oddsen 2,35 på heimelaget og 1,90 på gjestene.

– Me bør vinne

Det er ikkje fyrste gong det er heitt før dei to laga møtest. Sist dei stod på kvar sin banehalvdel var då båe kniva om å rykkje opp frå 5. divisjon i 2009. Då trekte Vinje det lengste strået, sjølv om Hei prøva så godt dei kunne, mellom anna ved å tilby Vinjes motstandarar gratis middag og drikke dersom dei tok poeng frå vinbyggjane.

Vinje-trenar Bård Øien let seg ikkje provosere av utsegnene, men trur dei vil gje ekstra motivasjon før årets fyrste heimekamp.

– Eg tek det ikkje veldig seriøst. Dei får kome hit og sjå. Hei har endå ikkje slått oss i ein seriekamp, og etter eitt poeng på dei to fyrste kampane er det litt rart dei skal vere store i kjeften, meiner trenaren.

– Alle kampane i 4. divisjon er harde. Det blir sikkert ein tett og jamn kamp, men me bør ta dei, seier Øien, som melder om eit skadefritt mannskap med unntak av han sjølv som slit med influensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje har møtt Hei fire gonger dei siste åra – både i 6. og 5. divisjon – og har vunne tri og spelt ein uavgjort.

Sjølvtillit

Øien håpar laget byggjer vidare på opningskampen mot Gvarv då Vinje klarte 2-2.

– Gutane gjorde ein kjempeinnsats og bør ha fått sjølvtillit av den kampen, seier Øien som set pris på at unggutane viser seg fram. 15-åringen Lars Halvor Røisgaard var god, spesielt i andre omgang mot Gvarv, og fire av dei fem innbytarane var under 17 år i opningskampen.