Sykla Dalsmarken i mål
Med bortimot 5 000 besøkande blei den 50. Dalsmarken vel gjennomført i helga. Laurdag avslutta barna marken på sykkelseta – i Tour of Norway for kids.
Det var reine folkefesten i Dalens gater laurdag. Det var 50-årsjubileum for Dalsmarken, og det hadde folk tydelegvis fått med seg. Folk i alle aldrar såg ut til å storkose seg i varmen, og både tivoliet og matkvartalet var populære samlingsstader.
– Fint vêr gav ei fin ramme rundt marken på Dalen. Over 50 salsbodar var på plass for å vera med på å feire 50-årsdagen. I tillegg hadde sjølvsagt lokalbutikkane marknadstilbod både inne og ute, seier Olav Godtland i arrangementskomiteen.
Artikkelen held fram under annonsen.
God mat og underhaldning
Han er storfornøgd med besøkstala frå helga.
– Eit heilt nøyaktig tal kan eg ikkje seie, men mellom 4 000 og 5 000 personar var innom i løpet av dei to marknadsdagane, seier Godtland.
Han fortel at det diverre var litt lite handel hjå ein del av salsbodane. Det handla mellom anna om at det var vanskeleg å få tak i kontantar.
– Mangel på minibank får ta noko av skulda, seier han.
Det lukta herleg av all slags mat i mattelta laurdag, og det er det kokkane Frode Aga, NesanMariyanayagam og André N. Askeland som stod for.
– Dei sytte for markensmaten på laurdag. Der var det mykje godt å få smake på, seier Godtland.
På scenen midt i gata var det mange forskjellige innslag og personar innom. Laurdag var det underhaldning for borna med tryllekunstnaren Chriss Chrissell, som trylla fram både duer og kaninar. Det var svært populært, melder Godtland.
Seinare på dagen var det «klabbetrynet» og Bjørn Jensen som entra scena. Jensen er trynet bak «Ferjebillettøren», «Ronny Bruvik».
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei skapte mykje humor og song, og sjølv om humoren var litt på kanten var det stor latter blant publikum, seier Godtland.
Barna sykla seg til premiar
Det populære sykkelløpet «Tour of Norway for kids» – som er det største sykkelløpet i Noreg for barn – avslutta marken. Løpet skapte kjempestemning langs løypa, med haugevis av tilskodarar som klappa og heia alle i mål. Barna blei delte inn i grupper, frå dei minste til dei største. Nokon hadde tre hjul på syklane sine, nokon valte sparkesykkel og nokon sykla vanleg barnesykkel.
Før løpet tok me ein liten prat med ein av dei yngste deltakarane: Linnea Myrvang Rudshagen (3). Ho hadde fått ein heilt ny rosa sykkel for høvet, og gleda seg stort til å trø av garde.
– Det startar klokka fem. Då skal eg sykle kjempefort!
Då løpet var over blei det delt ut premiar til alle som deltok.
Fem på Dalsmarken
Vilde Mari Haugen (4) og Hanna Lovise Haugen (5)
– Me har hatt det veldig moro i dag. No skal me ta karusell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lise Hauge Knudsen og Finn Ivar Hauge Knudsen frå Åmot og Herfinn Haugsevje frå Dalen
– Me får alltid med oss Dalsmarken så sant det høver. Det beste er å treffe gamle kjente. Det er også grueleg god mat her, me åt noko nydeleg kjøt i matavdelinga. Eg og Finn Ivar bur i bubil på brygga heile helga, seier Lise.