– Ta omsyn til hjorteviltet
Viltforvaltninga i Tokke kommune oppmodar alle om å taka omsyn til hjorteviltet. I Tokke er det alt frå ingen snø nede ved Bandak til 2,5 meter og meir oppe i høgda.
– Dette gjer at hjorteviltet, spesielt elgen trekker inn mot vegar og byggefelt i kommunen. Vi ber folk om å taka omsyn, trekke seg bakover om ein møter dei. Dette gjeld og bilistar. Dersom det er elg i vegen tek ein det med ro, pressar ikkje elgen framover, men let den få tid på seg til å koma seg av vegen. Dersom ein pressar på, kan elgen snu og koma mot bilen og i verste fall prøve å hoppe over bilen. Det er lite hyggeleg for både elg og bil med førar, seier skogbrukssjef Sverre Bakke i Tokke kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje bandtvang no, men etter hundeloven så må ein ha kontroll over hunden sjølv om det ikkje er bandtvang.
– Pass på hunden og ha kontroll på den slik at hjorteviltet ikkje tek skade, oppmodar Bakke.