Takkar av etter tjuefem russekull
Han har sett kring tjuefem russekull forlate Kvitsund. No er det han som forlet gymnaset. Hadle Hovda går av med pensjon etter å ha vore både rektor og lærar på Kvitsund. Han kan sjå tilbake på ei innhaldsrik lærar-gjerning, med verke både i Noreg og Afrika. Men den humørfylde 66-åringen innrømmer at han nok kjem til å dukke opp i enkelte fysikktimar også til hausten. Den ledige tida vil han bruke på hobbyar som botanikk og fiske. Og om kona får overtalt han, kjem det ei bok med gamle skulehistorier etterkvart.
Etter til saman ti år som lærar i Etiopia, synest Hadle Hovda og kona, Ragnhild at det passa å kome heim til Noreg. På Kvitsund gymnas var det ledig jobb som rektor og i 1976 overtok Hovda sjefsjobben på skulen til Norsk Luthersk Misjonssamband.
Botaniker
Men jobben som rektor, og det store ansvaret det medførte, gjorde at han vart utbrent. Og etter elleve år som rektor trekte Hadle seg tilbake og overlet hovudansvaret til Jon Kvalbein. Sjølv gjekk han inn i stillinga som lektor, og underviste i fysikk og matematikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har vore artig å undervise i fysikk. Eg har vore så heldig å ha veldig glupe elevar, skryter Hadle. Skuleåret 2000/2001 vart hans siste år som Kvitsund-lærar. Sjølv om han må innrømme at han nok kjem til å dukke opp i einskilde fysikktimar utover hausten.
No tek pensjonist-tilværet over. Der han håpar å kunne ta opp ein tidlegare hobby.
Eg dreiv å samla på planter då eg var i utlandet, og eg håpar eg skal kunne ta opp att botanikk-interessa. Dessutan er eg glad i å fiske, så det må eg prøve å gjere meir, seier Hovda.
God tid til å vere i lag med dei fire barna og fem barnebarna blir det òg.
Gift i Etiopia
Hadle Hovda er fødd og oppvaksen på Talgje i Ryfylke.
Ein plass der alle stemde Bondepartiet, unnateken far min, ler Hadle. Vegen gjekk vidare til Bryne og så til Oslo, der han tok lektor-eksamen. Etter å ha vore lærar på Jæren, gjekk vegen i 1962 frå Noreg til Afrika, nærare bestemt Etiopia. Året etter gifte han seg med kona Ragnhild. Dei hadde møtst før, men det var fyrst i Etiopia dei blei saman. I Etiopia dreiv dei misjonsverksemd og Hadle var rektor ved ein skule. Nyleg fekk han vite at ein av dei han var elev for der borte no er lækjar i Bø!
Det er mange likskapstrekk mellom skulen i Etiopia og Kvitsund, men det var litt meir uroleg i Etiopia. Mange ulike stammar var samla, noko som lett førte til konfrontasjonar. På den andre sida vil eg seie at elevane der nede var mykje ivrigare under undervisninga, norske elevar er slappare, smiler Hovda. Men det han reagerte mest på då han kom tilbake til var kor lite viktig maten syntest å vera i Noreg.
I Etiopia kasta ein aldri mat. Var det brødsmuler til overs, stod tiggarane klare til å ta imot. På Kvitsund hadde me grisar på denne tid, og dei blei gode og mette på matrestane etter Kvitsund-elevane, seier 66-åringen (67 i august).
Artikkelen held fram under annonsen.
Bokprosjekt
Kona Ragnhild prøver å overtale han til å skrive ei bok med gamle skulehistoriar. Men han har ikkje heilt bestemt seg. Men ei lita historie delar han med oss.
Det var vintermorgon på Kvitsund då elevane kom inn i matsalen og alle møblar og alt bestikk var borte. Ingen visste kor det var blitt av, før eg utpå dagen fekk ein telefon om at eg burde sjå nedpå isen. Der stod alt på same måte som det hadde gjort i matsalen. Russen hadde nytta natta til å flyttje alt. At ingen merka det er utruleg, fortel Hovda. Han vart forargra over russen, men i ettertid smiler han av heile opptrinnet.
Men no er altså lærar-gjerninga over for den tru tenaren.