Tala varmt for bygde-Noreg
Forfattar Jon Michelet opna årets Dyrsku. Dermed er ein lang tradisjon broten. Tidlegare har det vore folk knytt til landbruksnæringa i ei eller anna form som har hatt det ærefulle oppdraget. Opningstala til den 138. Dyrskun hadde Michelet kalla «By og land hand i hand». Han snakka om at stadig fleire bur i byane og at ein dagleg opplever by-sjåvinisme mot landsbygda.
Med eit land og ei verd som er meir og meir dominera av byane, og stadig fleir bur i byen og ikkje på landsbygda, ser me dagleg uttrykk for by-sjåvinisme retta mot bygdene, opna Jon Michelet med i opningstala på Dyrskun i går.
Hadde eg vore dame, ville eg vore kjerringa mot straumen og hivd meg på kosten til byen, og forklara folk korleis ting eigentleg er, uttala Michelet. Han mottok applaus frå dei frammøtte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opningstalen for årets Dyrsku hadde han kalla «By og land, hand i hand»; tittelen på det tidlegare slagordet til Arbeidarpartiet. Han tala varmt for bygde-Noreg og rosa Telemark for å vere tradisjonsberarar med sterk kunst og kultur.
Ingen minister
Ein lang tradisjon vart broten i år, ved at Michelet var talar under opninga. Etter ei lang rekke med landbruksministarar, bondelagsleiarar og jordbrukssjefar var det ein utan tilknyting til landbruksnæringa som opna Dyrskun.
Michelet er nok mest kjend som forfattar av kriminalromanar og fotballbøkar, redaktør og tidlegare RV-politikar. Han kom med klare utspel, og mottok jubel og applaus for mange av ytringane sine for å støtte bygda.
Pris til far og son
Far og son, Kristian og Petter Simonsen, frå Hemnes i Akershus vart kåra til nasjonale vinnarar av Dagrosprisen 2003. Dei vart heidra under opnings-arrangementet på Dyrskun. Det er Tine, GENO, Norsk Kjøttsamvirke og Den norske veterinærforening som deler ut Dagrosprisen. Det er ei utmerking til personar som viser eit spesielt engasjement i arbeidet for god dyrevelferd i storfehaldet. Prisen er eit silketrykk laga av kunstnaren Sissel Gjersum, og eit studiestipend på 50.000 kroner.
Landsjuryen hadde ei vanskeleg oppgåve med å velje ut vinnarane. Av 18 sterke kandidatar frå alle landets fylker gjekk far og son Simonsen til topps.
Bøndene har vist eit glødande engasjement for dyras ve og vel. I dag driv dei to herrane Simonsen med ammekyr. Tidlegare var dei mjølkeprodusentar, uttala leiar i Dagrosprisens landsjury Eivind Liven og jurymedlem Mona Røkke under overrekkinga.
Økologisk
Petter og Kristian Simonsen har vore bevist i val av dyr til besetninga si. Lette storferasar har vore prioritert. Dei har lagt stor vekt på sikring i fjøs og mot rovdyr, og på at dyra får godt stell, rosa Liven og Røkke.
Andre kriterie som juryen la vekt på var at bøndene nå legg om gardsdrifta til økologisk drift. Familien Simonsen er også opptekne av lokalmiljøet og har ofte besøk av barnehagar og skuleklasser.
Artikkelen held fram under annonsen.
Juryen meiner at Simonsen si haldning til omsorg og stell av dyr gjev komande generasjonar eit sunt perspektiv på dyrehald.