Tankar frå Familiekontoret
Eg saknar det så
Har du vore ved kyrkjene i Bø og sett minnesmerket med dei to hendene som held ei glaskule? På ei av hendene stend inskripsjonen «eg saknar deg så». Det er nok meint som eit minnesmerke og ein stad å gå for oss som saknar ein, utan å ha ei grav å gå til. Eg synes det er så fint med desse hendene og glaskula, her kan kvar enkelt tyde det ein vil inn i hendene, glaskula og innskrifta. I mitt arbeid ved familiekontoret møter eg mange som saknar nokon, eller som kjem til å gjera det. Ein kan sakne mor eller far, vener og familie. Ofte kan ein tenkje på kvar dei skal gjere av dette saknet, diverre endar mange med å bere det aleine, ein finn få å dele det med.
Men eg møter òg mange som saknar eit det, og det er ikkje alltid like lett å setje ord på dette. Det som skapa meining og fellesskap vert borte, nokre gonger brått og nokre gonger etter at ein har sett teikna og skjønt det ville skje. Det kan vere ei oppleving av heilskap og fellesskap, eller det kan vere ei stemning rundt kvardag eller helg som er borte. Eit udefinera det ein leitar etter og saknar. Kan ein finne det att? Kva skal til for å finne det?
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette handlar ikkje direkte om personar men meir summen av noko som blei til i samspel mellom fleire. Saknet merkast nok godt kring høgtider og tradisjonar sjølv om alle gjerne gjer sitt beste for å formidle at det er greitt og at det er slik det må vere no. Hjelper det på saknet tru?
Kvardagane hadde eit det, som òg er endra. På badet, rundt frukostbordet og i det ein kjem inn døra etter ein dag – det – er ikkje her lenger. Korleis kan ein setje ord på dette? Det kjem ikkje attende om ein set ord på det heller. Kanskje kan ein etter kvart greie å setje ord på og definere eit nytt det i lag? Kanskje kan me vere meir nyfikne på ingrediensane som trengs for å danna eit det?
Det må i alle fall ein relasjon til, det-et kan ikkje skapast i eit vakuum. Og ein må vere lydhøyr for å merke det – detet trur eg er taust, det kjennest berre. For nokre kjennest det godt.
Per Tore Iversen familieterapeut