Tar ei pause frå baksten
Drivarane av Waldenstrøm kafé i Kviteseid gler seg til ferie i varmare strok. Me kjem til å stenge bakeriet og kafeen i fjorten dagar, men fyrst er det Vintermarken med spennande bakevarer, seier Astrid Døhner.
Ikkje sidan september i 2010 har drivarane av Waldentrøm kafé i Kviteseid, Astrid og Michael Døhner, hatt ferie saman.
I fjor sommar bestemte me oss for å ta ut ferie saman denne vinteren. Dei siste åra har det blitt bare enkelte feriedagar. Nå skal me kose oss i varmare strok og me må difor stenge kafeen frå 25. februar til 10. mars, fortel Astrid Døhner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Både kafé og bakeri blir stengt i fjorten dagar, og ein vil ikkje kunne finne Waldenstrøm sine bakevarar på Kiwi i Kviteseid og ved Joker i Vrådal denne perioden. Men Døhner seier det er høve til å bestille bakevarer.
Ho fortel at bakevarene dei har avtale om å levere til Straand hotell vil bli levert som vanleg, sidan bakeriet vil ha ein tilsett på jobb som kan bake og levere. Det vil også vere ope på kafeen for dei to foreiningane som har bestilt lokalet til møte i tida det er stengt.
Då er det dottera mi som held ope her, seier Døhner.
Får støtte
Drivarane har hatt hektiske tider med mykje å gjere før jol, og den leie saka om mobbing på arbeidsplassen deira var tung.
Mange har vore innom med helsingar og gjeve oss og kafeen positive tilbakemeldingar. Det set me pris på, seier Julia Herrmann og mor Døhner.
Mor, marken og fastelavn
Men før kafeen stengjer dørene i to veker er det klart for den årvisse Vintermarken i Kviteseid neste helg. Då lovar Astrid og Julia at kafeen vil ha mange godbitar i hyllene.
I samband med marken vil me ha litt ekstra utval av brødtypar og bakst. Me vil servere markenssuppe. Sundag neste helg er det også morsdag og fastelavn, så me vil mellom anna lage nokre hjartekaker og anna bakverk til dette, smiler damene.
Ser framover
Når drivarane er tilbake frå ferien og opnar kafédøra att 11. mars, startar arbeidet med alt som skal vere klart til påske.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og då blir det nok hektisk med bestillingar knytt til konfirmasjon utover også, difor er det bra om ein er tidleg ute, seier Døhner.