Jeanett Heistad (t.v.) og leiar i Vrådal sanitetslag Nina Krossli er stolte over at heile noregs helsesyster, Helsesista, kjem til Vrådal grendehus for å halde føredrag om unge og kroppspress onsdag 8. november.
Jeanett Heistad (t.v.) og leiar i Vrådal sanitetslag Nina Krossli er stolte over at heile noregs helsesyster, Helsesista, kjem til Vrådal grendehus for å halde føredrag om unge og kroppspress onsdag 8. november.

Tar kampen saman med Helsesista

Sanitetskvinnene i Vrådal har invitert Noregs mest kjente helsesøster til temakveld om «skjønnheitstyranniet» og håpar på fullt grendehus i november.

– Førebygging handlar om å starte tidleg, og statistikken om den psykiske helsa i Noreg viser at me har ein lang veg å gå. Men det er ikkje umogleg. Gjennom Snapchat kommuniserer eg direkte til barn og ungdom, og eg får vite kva tankar og problem som fyller kvardagen deira, skriv Tale Maria Krohn Engvik, betre kjent som Helsesita på heimesida si.

Engvik var tidlegare helsesøster ved fleire skular i hovudstaden, men har nå satsa fullt og heilt som helsesøster i den digitale verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Snapchat legg ho dagleg mellom anna ut anonymiserte spørsmål ho får frå følgjarane sine, som ho svarar på. Elles set ho fokus på ulike tema eller problemstillingar som barn og unge er opptekne av. Dette kan handle om press, kropp, rus, seksualitet, deling av bilete på internett, kjensler, depresjon, nettvett – eller rett og slett kva som skal til for å kjenne seg god nok som ein er og kva det er som gjer ein glad i kvardagen.

Invitert til Vrådal

Helsesista har mange unge fylgjarar, men mange vaksne kjenner også nytte av å sjå dei daglege oppdateringane til Engvik, noko eitt av styremedlemmene i Vrådal sanitetslag, Jeanett Heistad, har gjort ei stund.

Tema som Helsesista arbeider med er eit av områda ho sjølv er oppteken av og som sanitetsforeininga nasjonalt fokuserer på, nemleg skjønnheitstyranniet.

Skal me få til noko skikkeleg bra må Helsesista kome til Vrådal, tenkte Heistad og overtydde både eige styre i Vrådal og ei travel helsesøster frå hovudstaden om at Vrådal er den rette staden å vere onsdag 8. november.

– Då Heistad presenterte ideen var det klart at me måtte slå til, dette trur me vil trekkje mykje folk og gje mykje blest om eit viktig tema. Og det er ekstra moro at vesle Vrådal sanitetslag med 40 medlemmer i ei bygd der det bur 400 menneske får besøk av ein profil som Helsesista som dagleg blir lesen av over 30 000 menneske på Snapchat, smiler leiar i sanitetslaget, Nina Krossli stolt.  

Helsesista profilerer at det er ein lågare terskel for å «sei frå» på Snapchat, og med det vil ho vere ein stad ho når ut til mange fleire med viktige bodskap, og bodskapen deler ho også gjerne landet rundt på ulike føredrag.

Kampen mot skjønnheitstyranniet

Heistad og Krossli meiner at «Kampen mot skjønnheitstyranniet» er ei svært viktig sak.

Jakta på den perfekte kroppen kan gje alvorlege konsekvensar for helsa. Norske kvinners sanitetsforeining (NKS) vil nytte posisjonen som den største kvinneorganisasjonen i Noreg til å fokusere på årsakar og konsekvensar ved sterk fokusering på kropp, men på same tid jobbe for å styrke unge jenter og kvinners forhold til eigen kropp og eige utsjåande. Foreininga har som mål å gjere alle trygge på å vere seg sjølv, vise mangfaldet og bidra til at ungdom gjer sunne val med tanke på framtidig helse og livsvilkår, skriv NKS på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire støttar arrangementet

Helsesista har blitt svært populær og det kostar sjølvsagt laget ein del å få kjendisen på besøk. Men med gode økonomiske bidrag frå både idrettslaget i Vrådal, Sparebanken Sør og sanitetsforeininga i Kviteseid, blir rekninga litt mindre for lokallaget.

– Arrangementet er gratis for alle som vil kome. Me set fram 120 stolar og håpar at me fyller salen. Me tenker at alle frå 5. klasse og oppover er målgruppa vår, men Helsesista syr eit føredrag som passar både ungdom og vaksne. Eg vil også ta turen innom skuleklassene i kommunen dei komande dagane for å invitere ungdomane spesielt til temakvelden, seier Heistad.   

– Det er kjempeviktig at unge i dag tenker at dei er gode nok som dei er. Det er så mykje press på at ein skal vere flink både på skulen og elles, vere snill og god, sjå bra ut, jobbe og tene pengar men også ha tid til alt anna. Stort sett alle kjenner nokon som har slite med eigen kropp og sjølvkjensle – det har eg gjort sjølv då eg var yngre. Nå er eg eldre og meir trygg på meg sjølv, smiler Heistad.

Norske kvinners sanitetsforening (NKS)

– Noregs største kvinneorganisasjon med om lag 47 000 medlemmer og over 700 lokale sanitetsforeiningar over heile landet.

­– Har som mål å bidra til eit trygt og inkluderande samfunn ved å aktivere medlem til friviljug innsats.

– Sanitetskvinnenes fokus er å betre kåra til kvinner i alle livets fasar.

– Gjere innsats lokalt på same tid som ein drar lasset saman om nasjonale og internasjonale engasjement.

– Får ikkje statsstøtte, er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjelde: NKS

 

Helsesista

Offentleg Snapchatkonto med over 30 000 følgjarar der heile Noregs helsesøster Tale Maria Krohn Engvik (37) frå Ålesund leverer direkte, humoristisk eller alvorleg personleg informasjon om barn, unge, kropp, psykisk helse og det som rører seg i kvardagen til unge menneske vidare ut på sosiale media.

Fekk Redd Barnas rettighetspris 2017

Kommunikasjonsforeiningas åpenhetspris 2017

Kjelde: Helsesista.no