Harald Tønnes, ansvarleg for flyktningkontaktar i Seljord, Saiduali Umajev og Amir Atashgahi frå Seljord internasjonale foreining og avtroppande leiar for flyktningkontakten til Raudekrossen Thomas Lieungh vonar at enkeltpersonar eller lag i Seljord vil hjelpe SIF med organisasjonslivet.
Harald Tønnes, ansvarleg for flyktningkontaktar i Seljord, Saiduali Umajev og Amir Atashgahi frå Seljord internasjonale foreining og avtroppande leiar for flyktningkontakten til Raudekrossen Thomas Lieungh vonar at enkeltpersonar eller lag i Seljord vil hjelpe SIF med organisasjonslivet.

Tar saka i eigne hender

Innvandrarane i Seljord har starta eiga foreininga for å gjere kvardagen enklare for flyktningar som bur i bygda, og for dei som kjem i framtida. Men dei treng hjelp til foreiningsdrifta.

I vår vart Seljord internasjonale foreining (SIF) stifta av innvandrarane som bur i Seljord

– I dag har me 25 medlemmer med både smått og stort. Me er opptekne av å gjere kvardagen betre for dei som er i same situasjon som oss, fortel Amir Atashgahi og Saiduali Umajev.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei er to av dei som starta laget og kan vise til ei behovsanalyse som vart laga i vår.

– Analysen vart laga i samarbeid med Telemark Raude Kross, og her fekk me fram kva ynskje innvandrarane i kommunen har, seier Atashgahi.

Flott tiltak

Thomas Lieungh er ansvarleg for flyktningkontaktar i Seljord for Raudekrossen. I desse dagar takkar han for seg i vervet, og Harald Tønnes tar over som ansvarleg for flyktningkontaktane både i Seljord, Bø og Sauherad.

Lieungh er svært glad for at flyktningane tar tak i kvardagsproblema sjølve.

– Når dei kjem til ein ny plass ligg det klart eit opplegg med mellom anna norskkurs for dei vaksne. Dei er knytt opp mot flyktningkonsulenten i kommunen, men ynskte i tillegg å gjere ein innsats sjølve også, seier han.

– Det foreininga treng hjelp til nå er nokon som kan lære dei litt om korleis ein driv slike lag. Kanskje det er andre lag eller enkeltpersonar som vil vere støttespelarar, undrar Lieungh, og sender spørsmålet vidare til kommunen som er rik på lag og foreiningar.

Han trur opplegget som innvandrarane i Seljord har laga er ganske spesielt.

– Eg har ikkje høyrd om andre som gjer dette i Telemark. Det er flott å sjå at så mange ulike nasjonalitetar og kulturar går saman for å gjere kvardagen enklare, seier Lieungh.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig at me ikkje blir sitjande heime. Me må ut å treffe andre folk, lære oss språket, bli med på ulike aktivitetar. Det er så mykje lettare for dei unge å knytte seg til eit nettverk sidan dei går på skulen kvar dag. Me vil lage eit godt opplegg der alle blir inkluderte, fortel dei to tilskiparane Atashgahi og Umajev.

Analyse

Under arbeidet med analysen vart det sett opp ulike punkt som SIF skulle jobbe aktivt med i framtida. Dette var mellom anna at mange av kvinnene kunne tenkje seg førarkort.

– I dag er det slik at ein vaksen i kvar husstand får hjelp til å ta førarkort, men kvinnene blir sitjande mykje heime, og ein kunne til dømes organisert teorikurs der flyktningane og andre friviljuge sto for undervisinga, seier Umajev.

Vidare kom det ynskje om å halde kveldskurs i engelsk, sidan dette ikkje er eit tilbod på vaksenopplæringa i Seljord i dag. Dei ynskte også å leggje til rette for at flyktningane skal få reise på ferie, spesielt barna. Nokon av flyktningane ynskte også å bli aktive medlemmar i Raudekrossen.