Tasmansk rødrygg (TRG)
(Cangacroco nicotinus)
Type dyr:
Tasmansk rødrygg, forkorting TRG. Den er ca. 178 år, ungane er ca. 68 år. Dei kan bare få 97 ungar per dag, dei likar og eta folk til middag. Dei kan bli opptil 598 år og dei røyker.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kor lever dei:
Dei likar seg på søppelplassar. Der lagar dei seg hi inne i søppelet. Dei er proffe til å stele røyk.
Skildring:
Dei likar å skremme folk om kveldar og heilagdagar, slik som jol og påske. Då stel den røyk på forretningar, for då er det stengt. Ein TRG kan minne deg om ein kenguru. Han er stor og han røyker, viss du ser ein slik så må du passe deg. Dei kan vere farlege og skikkeleg stygge. Hoa er farlegast, den gassar deg i hel med røyken.
Reaksjonen:
Viss du ser ein TRG kan du bli bleik, redd, stiv og forskrekka. Den einaste som kan ta den er jolenissen og gnomane hans, dei tek røyken frå han og då døyr han. Og ein ting til, den luktar kjempevondt. Mange av dei bur på Renovest i Brunkeberg. Viss du skal greie å ta ein TRG må du slå den med eit balltre eller liknande i skallen. Ein som heitte Kristian prøvde på dette, men klarte det ikkje. Han jobba på Kiwi i Kviteseid. TRG rana Kiwi for røyk, Kristian prøvde å ta han, men det gjekk ikkje, han bare skada den. Kristian blei eten opp av ungane til TRG. Det er ikkje lurt å prøve på dette!