Til helga svarar korkje Per Helge Seltveit
Til helga svarar korkje Per Helge Seltveit

Tause veterinær-telefonar i helga

Etter vanleg arbeidstid i dag og fram til måndag morgon, vil telefonane til veterinærane i heile Noreg vere tause. Aksjonen er ein protest mot den framlagde stortingspropososjonen om framtidige rammevilkår.

I Vest-Telemark er det fem veterinærar, tri distriktveterinærar og to privatpraktiserande. I helga vil telefonane deira vere tause, sjølv om distriktveterinærane Tore Bjørgan i Vinje og Gunleif Oland i Kviteseid har vakt.

– Dyra skal ikkje bli den lidande part under aksjonen, så me har folk på vakt. Men det nyttar ikkje å ringe vakttelefonane, for der vil ein møte ein automatsik telefonsvarar som ber folk å ringe eit naudnummer i Skien. Dei skal så vurdere om det er grunn til å rykkje ut, seier Gunleif Oland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oland seier at stortingsproposisjonen om dyrehelse og mattryggleik, legg opp til eit beredskapsopplegg som ikkje går an å realisere. Presidenten i Den Norske Veterinærforening, Knut Rønningen, går endå lenger. Han seier at Regjeringa beskriv eit draumeslott, medan budsjettramma knapt er nok til eit husbankhus.

Statens ansvar

:– Staten har teke på seg ansvaret både for klinisk og offentleg vakt, men ikkje teke konsekvensen ved å løyve nok pengar. Som det no er, og har vore sidan 1992, har veterinæren som er på vakt ei timeløn på kr. 15.60, seier Oland.

– Mange gonger er dette den einaste inntekta me får for vakta når me ikkje treng rykkje ut på besøk, men gjev råd over telefon. Telefon-råda får me ikkje betalt for. No i lemme-tida er det ekstra mange telefonar, og eg er heilt sikker på at sist helg var det over 50 som ringde meg, seier Mimmi Hauglid, som saman med Inge Midtveit driv privatpraksis i Seljord.

Korkje Hauglid eller Midtveit treng ta vakter, avdi dei er privatpraktiserande. Men dei har gjort det hittil, slik at det ikkje blir så hyppige vakter på distriktsveterinærane, som er plikta til å ta vakter.

– Blir det ikkje betre betaling for vaktene, kan neste trekk bli at me slår av telefonane klokka 16.00 på fredagar, og ikkje deltek i vaktordninga i det heile, understrekar Midtveit.

– Dersom dei privatpraktiserande veterinærane nektar å ta vakter, kan vakt-belastinga på distriktveterinærane bli så stor at det kan gå på helsa laus. Resultatet kan då bli sjukemeldingar og ingen veterinærvakt, slår Oland fast.

Gjennomtrekk

Mimmi Hauglid seier at det har vore stor gjennomtrekk av veterinærar i Vest-Telemark. Om ikkje regjeringa snur på flisa, trur Hauglid at det òg kan koma til å gå ut over rekrutteringa til yrket.