Barnehagebarna i Brunkeberg gjekk heilt til topps i påleggskonkurransen, og det var stor stas då Eivind Tuvnes (til høgre) frå Stabburet overrekte premien – pålegg til ein verdi av 5000 kroner.
Barnehagebarna i Brunkeberg gjekk heilt til topps i påleggskonkurransen, og det var stor stas då Eivind Tuvnes (til høgre) frå Stabburet overrekte premien – pålegg til ein verdi av 5000 kroner.

Teikna seg til påleggspremie

Barna i barnehagen ved Brunkeberg oppvekstsenter gjekk heilt til topps i Stabburets påleggskonkurranse.

Stabburet hadde i vår ein påleggskonkurranse der dei utfordra barnehagebarn rundt om i landet til å teikne og sende inn bilde av «supersterke» personar. Barnehagebarna i Brunkeberg tok utfordringa på strak arm, og sendte inn sine bidrag. Juryen meinte openbert at teikningane må ha vore gode, om ikkje supersterke, for tysdag morgon fekk barnehagen overrekt premien; pålegg til ein verdi av 5000 kroner.

– Då me fekk høyre om konkurransen tenkte me at dette var noko ungane kunne vere med på, så alle dei 35 ungane som går her tok blyanten fatt og sette i å teikne. I starten av juni fekk me ein telefon frå Stabburet som fortalde at me hadde vunne, opplyser barnehagestyrar Anne Helen Berge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var det samla bidraget som blei vurdert av påleggsprodusenten, ikkje individuelle teikningar. Men, det var ikkje berre Stabburet som fekk sjå unganes strek.

– Me tok kopiar, og dei yngste ungane hadde utstilling av sine teikningar saman med måleri i temaet «vår» i Næringshagen tidlegare i vår, seier Berge.