Paul Willy Setane, Oddvar Jermansen, Jeroen Houthuizen, Rune Johansen og Kai Halvor Juva (t.h.) har brukt eigne pengar på teknologiparken. Arbeidsgjevaren Hitec i Stavanger leiger kontorplassar av dei.
Paul Willy Setane, Oddvar Jermansen, Jeroen Houthuizen, Rune Johansen og Kai Halvor Juva (t.h.) har brukt eigne pengar på teknologiparken. Arbeidsgjevaren Hitec i Stavanger leiger kontorplassar av dei.

Teknologipark for eigne jobbar

Arbeidsgjevaren lova å leige kontor om dei tilsette tok byggjekostnaden. Resultatet er ein teknologipark i Treungen med 14 kontorplassar.

Offshoreverksemda Hitec products i Stavanger etablerte i 2011 avdelingskontor i Treungen. Rune Johansen blei dagleg leiar med to andre nissedølar på laget. Etter kvart blei det fem tilsette i avdelinga som gjekk så bra at ein truleg kunne doble arbeidsstokken. Men då måtte ein byggje på det gamle bankbygget i Treungen sentrum.

Hitec lova at om dei tilsette tok byggjekostnaden, skulle verksemda leige kontorlokale for dei der. Dei fem i avdelinga klemte til, og fredag var det klart for opning av Treungen teknologipark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veldig tru

– Det er litt tøffe tider i oljebransjen. Då gjeld det å brette opp ermene og trø til, sa Johansen til inviterte gjester, mellom anna elleve personar frå Stavanger-verksemda.

Nissedalordførar Halvor Homme møtte, og det med det nye ordførarkjedet på seg.

– Det er ei stor ære å få lov til å opne teknologiparken som fem flotte representantar for Nissedal kommune står bak. Dette er historisk og starten på ei ny og god utvikling i kommunen, sa Homme.

Tom Egil Flata, hovudutvalsleiar for næringsutvikling i Telemark fylkeskommune, likte også det han såg.

– Fantastisk spennande. Me heiar på dette. Eg trur det ikkje er lenge før det kjem søknad om utviding av parken, sa han.

Dagleg leiar Tor Atle Deiss i Hitec i Stavanger har heile tida hatt veldig tru på avdelinga i Treungen.

– Kontoret her har vore ein kjempesuksess. Kompetansen, viljen og gjengen her er veldig viktig framover, sa han som har signert leigeavtale om kontorplassar i Treungen for ti år.

Mogleg å utvide

– Det krabbar opp mot åtte millionar kroner, seier Johansen når me spør om prislappen på kjøp av «gamlebanken», renoveringa og nybygget inntil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Parken har fått ein halv million kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet, etter tilråding frå Nissedal kommune. Dei fem tilsette har gått inn med kapital av eiga lomme, slik at lokalbanken blei nøgd med tanke på lånebeløpet. Slik blei finansieringa til på litt over 350 kvadratmeter med bruksareal.

– Ved sida av terrassen er det moglegheiter for å utvide med 40–50 kontorplassar om det er ynskjeleg, seier Johansen i desse næringshagetider.

Avdelinga i Treungen jobbar med brønnkontrollpanel, elektrohydraulisk utstyr som blir levert rundt i heile verda. Dei fem nissedølane er involvert frå teikningane blir til og heilt til vara har kome til kunden. Avdelinga har passert 500 millionar kroner i omsetning på jobbar gjort i Treungen.

– Eg er ikkje redd for at det plutseleg stoppar opp med arbeid, seier ein optimistisk Johansen som har bevist at det går fint an å ha offshoreverksemd langt ute i bushen.