Eit næringshagebygg er tenkt til høgre og oppover fjellsida like ved teknologiparken.
Eit næringshagebygg er tenkt til høgre og oppover fjellsida like ved teknologiparken.

Teknologipark peikar seg ut

Tre stader i Treungen er aktuelle for næringshage. Vest-Telemark næringsutvikling tilrår å byggje han ved den nyoppsette teknologiparken. Det stoppar ikkje byggjeplanen til Knut Haugsjå AS på andre sida av Tveitsundbrua.

Nissedal kommune har no fått svar på rapporten Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU) er beden om å lage i samband med ynskje om næringshage i Treungen. Tilrådinga frå prosjektleiar Halfdan Haugan i VTNU er å byggje vidare på miljøet rundt Treungen Teknologipark AS, der det i dag er høve til å ha 15 kontorplassar. For å få til ytterlegare 35 plassar er det eit totalt kapitalbehov på 21 millionar kroner.

VTNU ser også Knut Haugsjå AS sitt område på industriområdet Sundsmoen inntil Fjonevegen og tomta der Jakob Tveit AS hadde fôrkjøkken, som spennande lokaliseringsstader. Årsakene til at valet fell på teknologiparken er at ein der har eit eksisterande bedriftsmiljø å vidareutvikle, og ein næringshage vil vere med og forsterke sentrumsutviklinga. Vidare er det eit nytt bygg der, og byggjetrinn to kan skape 35 nye kontorplassar. VTNU meiner etableringa kan gje eit signalbygg i terrasse med flott utsikt over sentrum og Nisser, og realiseringa kan kome innan eitt til to år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er velkomne

Fem nissedølar har tatt kostnaden med å byggje Treungen Teknologipark. Alle jobbar på avdelinga offshoreverksemda Hitec Products AS i Stavanger har i bygda. Dagleg leiar Rune Johansen er glad for konklusjonen til VTNU.

– Dette er sjølvsagt moro og spennande. Vil dei byggje her, er dei velkomne. No har fagfolka uttalt seg, og det er opp til politikarane kva dei vil gjere vidare. Eg ventar spent på kva dei bestemmer seg for, seier Johansen.

Han meiner det fint er plass til eit bygg slik VTNU skisserer, og eit større enn det også. Om politikarane går for ein næringshage ved teknologiparken, ser Johansen føre seg ein dialog med kommunen rundt det at ein lokal kvintett eig dagens bygg og ei vidare satsing på meir byggareal.

Byggjer uansett

– Eg er for så vidt ueinig i konklusjonen til VTNU. Problemet er å finne 21 millionar kroner, og ein har ikkje parkeringsplassar til dei som skal bruke kontora i nytt bygg ved teknologiparken, seier dagleg leiar Magne Haugsjå i entreprenørfirmaet Knut Haugsjå AS.

– Det er politikarane som bestemmer. Hadde eg vore politikar ville eg vore skeptisk til å bruke så mykje pengar på eit slikt bygg. Slik eg ser det er det heilt urealistisk å byggje ein næringshage à la den i Fyresdal, held Haugsjå fram.

Viss valet fell på ikkje å ha næringshagen på industriområdet, kjem Haugsjå til å få teikna eit bygg tilpassa det han planlegg.

– Uansett kjem me til å byggje kontorbygg for oss sjølve. Eg håpar det blir byggjestart våren 2016. Planen er å ha ikkje mindre enn rundt 15 kontor, og få eit miljø der dei som har tilknyting til bransjen vår kan tenkje seg å vere, seier Haugsjå.

Kommunestyresak

VTNU har i rapporten lagt opp til at kommunestyret skal handsame saka rett før haustens val. Ved eit positivt vedtak er det neste at ein straks etablerer Nissedal Næringshage AS, som skal skaffe minst ti aksjonærar der kommunen er ein av dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så skal det kome på plass eit selskap som skal eige næringshagebygget, og eigenkapitalen skal vere 50 prosent av totalkostnaden for etableringa.