Inga Rindebakken i Hauggrend har vore utan telefon mange gonger, og undrar på kvifor det er slik.
Inga Rindebakken i Hauggrend har vore utan telefon mange gonger, og undrar på kvifor det er slik.

Telefonens uland

Folk i Hauggrend i Fyresdal opplever litt vel ofte at summetonen forsvinn. Ein gong måtte somme vente i åtte dagar før telefonen kom att. Mobildekninga er elendig året rundt.

Ved eit høve i sommar mista tryggleiksalarmen til Inga Rindebakken (81) i Hauggrend kontakt med alarmsentralen i to døgn. I tillegg var det trøbbel med telefonen. Torevêret var årsaka, og det er ikkje fyrste gong.

– Eg har vore utan telefon mange gonger. Eg er heldigvis ikkje redd. Men eg har peacemaker og brukar stadig medisin. Det er ikkje moro å vere åleine når du ikkje får kontakt med nokon, seier Rindebakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje mogleg å bruke mobil

Somme gonger meiner ho det tek for lang tid før feilen er retta og sambandet er tilbake.

– Det har heldigvis ikkje skjedd dei gongene det har vore prekært for meg å få hjelp. Men det kan fort skje ein gong. I fjor var det nokre eldre som var utan telefon i fjorten dagar. Det skal ikkje vere slik, meiner Rindebakken.

I tillegg er det nær sagt umogleg å bruke mobil i Hauggrend-området, sidan nettet ikkje er godt nok bygt ut. Det er eit anna problem som Rindebakken har fått føle på kroppen.

– Eg fekk eit hjarteanfall i badekaret. Pleiaren måtte reise frå meg i rommet for å ringje etter hjelp frå fasttelefonen, sidan det ikkje er mogleg å bruke mobil, fortel Rindebakken.

Middelaldernivå på nettet

Brigitte og Dierk Rengstorf ved Fossumsanden camping var blant dei i Hauggrend som måtte vere åtte dagar utan telefon i slutten av juli. Dermed stoppa det heilt opp i formidlinga av hyttene på campingplassen. Vanlegvis ringjer det 3 til 5 telefonar kvar dag for å forhøyre seg om hytter. Telefonbrotet gjorde at hyttene blei ståande tome, og reiselivsbedrifta fekk eit temmeleg stort tap midt i sesongen.

– Tenk hadde det vore snakk om eit sjukehus! Dette er ergeleg og går ikkje an. Skjer det ei ulykke, og så får ein ikkje kontakt verken via fasttelefon eller mobil. Eg skjønar ikkje kvifor det må vere slik. Noreg er så godt utstyrt med teknologi. Eg tenkjer at me lever i ei moderne tid, men slik er det ikkje. Det er middelaldernivå på telefonnettet i Hauggrend. Eg vurderer å sende røyksignal ved neste telefonbrot, seier Brigitte Rengstorf.

Ho fortel at i Tyskland er det 12 timars frist for å reparere telefonnettet, elles er det skadeerstatning. Men det tør ho ikkje spørje om i Noreg.

I fjor opplevde Fossumsanden skadar då vatnet kom inn over campingplassen. I tillegg har det vore trøbbel med telefonnettet. Som om ikkje det er nok, gjorde uvedkomande her om dagen innbrot i alle dusj- og vaskeautomatane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil ikkje stoppe. Eg skjønar ikkje kva det er. Eg veit det framleis er nissar i Noreg. Kvar jol har eg sett ut graut og snaps til dei, men det hjelper ikkje, avsluttar Rengstorf med humøret i behald.

Omsetnaden fall dramatisk

Synnøve Nedrebø ved Hauggrend landhandel var utan telefon i tri dagar i det aktuelle tidsromet. Dessutan var ho ei veke utan faks og internett.

– Omsetnaden fall dramatisk då kundane ikkje fekk bruke betalingsterminalen som var ute av drift. Eg har hatt mykje bråk med telefonnettet før også. Det er veldig trasig, og eg blir frustrert. Det er meir enn rart at Hauggrend er veldig utsett. Dessutan må det vere dårleg kommunikasjon i Telenor når det ikkje når fram til dei som skal ha melding om feil, seier Nedrebø.

Ingen planar om å byggje ut nettet

Fyresdalordførar Saamund Gjersund har kontakta Telenor for å prøve å få mobildekning i Hauggrend. Svaret er ikkje lysteleg lesing.

– Telenor Mobil har ingen planar for utbygging av GSM-nettet i det aktuelle området. I tida framover vil me i hovudsak fokusere på betring av kapasitets- og innandørsdekning der me alt er etablerte. Men tilbakemeldinga di vil bli vidareformidla til ansvarleg avdeling, skriv Telenor Mobil til ordføraren.

– Eg synest ikkje noko særleg om dette svaret. Generelt har det også vore veldige problem med fasttelefonen i området. Det er på tide å få orden på dette, kommenterer Gjersund.