Denne ellevetakkaren måtte gje tapt i kampen mot telefonleidninga frå Telenor.
Denne ellevetakkaren måtte gje tapt i kampen mot telefonleidninga frå Telenor.

Telefonkablar til fare for folk og dyr

Fyrste dagen i årets elgjakt fann jaktlaget på Kostveit i Vinje ein ellevetakkars elgokse som hadde vikla geviret sitt inn i ei telefonline. Lina hadde ramla ned som fylgje av trefall, og elgoksens møte med Telenor-lina blei skjebnesvangert.

– Det er tydleg at oksen har kjempa for livet der me fann han. Borken på trea i nærleiken er skrapa vekk, og han har hatt ein lang og tøff kamp i eit forsøk på å berge livet. Men han lykkast altså ikkje, seier ein av medlemene i jaktlaget.

Etterlyser rutinar

Han ynskjer ikkje å stå fram med namn, men han fortel at viltnemnda i Vinje fekk beskjed om funnet. Fleire på jaktlaget meinte at forholdet burde vore meldt til politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er gamle telefonliner som ikkje er i bruk lenger. Trefall og knekte telefonstolpar gjer at telefonlina ramlar heilt eller delvis ned på bakken, seier han.

VTB var på synfaring i Skafså der det også ligg telefonliner på bakken, og me kunne med eigne augo sjå fleire stader at lina hadde ramla ned og i enkelte tilfelle hadde ho grodd fast i underlaget. Andre stader var lina i augnehøgde.

– Sidan linene ikkje er i bruk lenger får heller ikkje Telenor feilmelding når det skjer noko. Derfor kan ikkje dei vite korleis stoda er med liner og stolpar. Men det eg undrar meg over er kva rutinar, eller mangel på slike, dei har for å sjekke desse gamle linene. Fleire i jaktlaget, meg sjølv inkludert, meiner det heile er i nærleiken av miljøkriminalitet, seier jegeren.

Elgoksen som blei funnen på Kostveit i Vinje, fekk geviret sitt inn i ei telefonleidning som har falle ned som fylgje av trefall.
Elgoksen som blei funnen på Kostveit i Vinje, fekk geviret sitt inn i ei telefonleidning som har falle ned som fylgje av trefall.
Denne telefonlina i Skafså har hamna i bakken på grunn av trefall over lina.
Denne telefonlina i Skafså har hamna i bakken på grunn av trefall over lina.
Telefonlina har grodd fast i myra.
Telefonlina har grodd fast i myra.
Montørar frå Eltel Networks var på plass dagen etter at Telenor fekk melding om lina i Skafså.
Montørar frå Eltel Networks var på plass dagen etter at Telenor fekk melding om lina i Skafså.
– Me har rutinar for å kartlegge gamle stolpar og liner, seier Caroline Lunde, informasjonssjef for samfunnsdelen i Telenor.
– Me har rutinar for å kartlegge gamle stolpar og liner, seier Caroline Lunde, informasjonssjef for samfunnsdelen i Telenor.

Lidingar

Han er også oppteken av dyrevelferd og han gruar seg over tanken på korleis oksen har lide.

– Han må ha hatt det forferdeleg. Slik kan me ikkje ha det. Og me kan også tenkje oss at liner i augnehøgde kan vera livsfarlege for folk som renn på ski eller køyrer snøskuter, seier han.

Det er grunn til å tru at tilsvarande liner og stolpar i dårleg forfatning er å finne mange stader rundt i Kongeriket. I Skafså var den omtala telefonlina fleire kilometer lang.

Farleg for to- og firbeinte

Knut Gaastjønn er ein del av jegerkorpset i Tokke. Han stadfestar at det ligg liner nede fleire stader. Og han er klar på at det burde vore rydda opp i dette.

– Det er til stor fare for både dyr og menneske at linene i større eller mindre grad ramlar ned. Og det burde absolutt vera rutinar på å rydde desse fellene, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Montørar sjekkar

Telenor blei torsdag ettermiddag varsla om linene i Skafså. Og alt neste morgon var folk frå Eltel Networks på plass for å sjå nærare på lina.

– Me fekk førespurnad frå Telenor om å synfare lina. Me skal gjere det og så sender me eit overslag til Telenor om kva det vil koste å rydde opp. Det er Telenor som er vår oppdragsgjevar, og det er opp til dei kva som skjer vidare, seier Ansgar Johre, montør i Eltel, til VTB.

– Det er i alle fall kjapt reagert av Telenor - det skal dei ha. Men eg stiller meg framleis undrande til at eit stort selskap som Telenor ikkje har rutinar for å fjerne gamle liner. Denne lina har sikkert ikkje vore i bruk på 20-25 år. Det er ikkje bra nok at folk må seie ifrå, seier jegeren.

 

– Har rutinane på plass

Caroline Lunde, informasjonssjef for samfunnsdelen i Telenor, seier at selskapet har rutinane i orden. Men ho bed likevel grunneigarar og publikum seie ifrå viss dei ser stolpar eller liner som er farlege for omgjevnadane.

– Fyrst og fremst så er det forferdeleg trist at dyr som ferdast i skogen har sett seg fast i gamalt teleutstyr, og det er klart det er viktig for Telenor å rydde opp etter gamal teknologi som kan vera skadeleg for naturen, seier Lunde til VTB.

Ho fortel at selskapet sidan 1996 hatt eit program der dei kvart år kartlegg mange titals tusen stolpar med tilhøyrande utstyr.

– Og då vurderer me om det er noko som bør bli skifta ut, oppgradera eller fjerna. Totalt tel me om lag 800 000 stolpar over heile landet med tilhøyrande utstyr. Sidan 1996 har Telenor i ein tiårs syklus kontrollera alle stolpane våre, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lund peikar på at Noreg er stort og at Telenor derfor ikkje klarer å få med seg alt. Men ho forsikrar at selskapet ved meldingar om stolpar og luftliner som er til fare for omgjevnadane, set i verk strakstiltak som må til for å stoppe fare.

– Me utfører kvart år saneringsprosjekt basera på slik meldingar, og me oppmodar derfor alle som ser noko av vårt utstyr som ikkje er som det skal om å hjelpe oss og melde frå til oss via telefon eller på nett, avsluttar Lunde.