Telemark fylke: 107 ubruka vegmillionar!

I VGs leiarartikkel 06.01.14 blir Telemark fylke nemnt som eitt av tre fylke som har ubruka vegmillionar att i inneverande år. 107 mill kr.! VG kallar desse pengane for «fylkesveikroner». Eg tolkar derved at dette ikkje dette midlar til vegar med «grøne» nummer, eksempelvis E 134, som er statleg finansierte, nei, dette er midlar som er meint til «smått og stort» i heile fylket. Eg vart regelrett forbanna då eg las det! Mesteparten av fylkesvegane skrik etter vedlikehald, og så greier ein altså ikkje å bruke pengane. Eitt døme: Vegen Nutheim – Rauland er ei av hovudferdselsårene til Rauland. Trafikken er stor både med fastbuande pendlarar og turistar. Bygdi er Telemarks største skidestinasjon, Vinje er landets femte største hyttekommune, 2/3 av desse hyttene ligg i Rauland. Alt genererar stor biltrafikk heile året. La gå at strekninga Nutheim – Rauland på 45 km har låg generell standard, skilta som ikkje tilrådd for tyngre køyretøy, det har vi liksom akseptert med resignasjon. Det eg ikkje aksepterar er følgjande: I 2012 vart ei delstrekning på om lag 10 km klargjort for asfaltlegging. Sidan har ingenting skjedd, pengane til sluttføring fanst ikkje. Eg er kjend med at det heller ikkje for 2014 er avsett ei krone til gjennomføring av formålet. Og så står det altså 107 ubruka mill. kr! Kom ikkje og snakk om manglande kapasitet, asfaltentreprenørar hadde heilt sikkert kasta seg over oppdraget i haust om sjansen hadde bydd seg. Denne strekninga er mi «sjuke mor», over heile fylket finst det sikkert tilsvarande «sjuke mødre».

Kva har skjedd med «vegadministrasjonen»? 1. januar 2010 vart dei fleste riksvegar som ikkje var stamvegar overført til fylkene. I tillegg har vi altså dei gamle, primære fylkesvegane som blant anna vegen ovanfor er ein del av. I denne omlegginga har følgjande absurde skjedd: Fylkeskommunen har vegg i vegg med Statens vegvesen bygd opp ein eigen vegadministrasjon. I Telemarks tilfelle gjeld det så vidt eg veit 7–8 årsverk. Moro å drive med er det sikkert både for dei tilsette og lokalpolitikarane. Dei sistnemnde kan køyre fram kjepphestane sine utan omsyn til heilskapen for vegnettet. Den heilskapen er eg overtydd kompetansen i Statens vegvesen hadde tatt seg betre av. God ressursbruk trur eg ingen kan overtyde meg om at det er. Godt lokaldemokrati er det heller ikkje. Det at fylket fekk og tok i mot eit mykje større vegnett i fanget enn dei hadde, kjem til å utarme både det almenne fylkestilbodet og også vegnettet ytterlegare. Vegmidlar blir drivne inn i salderinga mellom andre fylkeskommunale oppgåver. Når det gjeld veg er det allereie klare teikn på at det er utkantane som kjem til å tapa mest på den omlegginga som har skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om me kan personifisera staten trur eg den karen «gliste» godt då han fekk lagt meir vegansvar over til fylka. No synes eg debatten må reisast om dette var rett. Det kan og bør reverserast.

Så tilbake til utgangspunktet. Det trengs svar frå ansvarleg hald om kva som er årsaken til at så mange pengar står ubruka. Er mangel på diverse kapasitet, f eks planlegging, svaret, må prosjektprioriteringa endrast. Fylket vårt er fullt av ferdigpynta «vegbrurir» som er klare til å førast til altars.

Alf Seltveit