Nicolai Riise og Solveig Hellevig satsar på Sogelandet i 2006. Då vil telemarksfeet som feirar 150-års jubileum som eigen rase, bli spesielt markert. Planen er mellom anna å plassere ut ei rad kuskulpturar i full storleik som skal bli auksjonerte bort.
Nicolai Riise og Solveig Hellevig satsar på Sogelandet i 2006. Då vil telemarksfeet som feirar 150-års jubileum som eigen rase, bli spesielt markert. Planen er mellom anna å plassere ut ei rad kuskulpturar i full storleik som skal bli auksjonerte bort.

Telemarksfeet sentralt i Sogelandet 2006

Telemarksfeet får ein sentral plass i Sogelandet til sumaren. Det er då 150 år sidan det blei etablert som eigen rase. Elles er det klårt at mellomalderen ikkje blir ei felles ramme neste år. Nokre arrangement går ut, medan nye kjem til saman med fleire av arrangementa ein hadde suksess med fyrste året.

Prosjektleiar i Sogelandet, Nicolai Riise, og dagleg leiar i Dyrsku’n, Solveig Hellevig, orienterte tysdag Vest-Telemarkrådet om korleis Sogelandet blei gjennomført i år, og kva planer ein har for dei komande åra.

– Alle arrangementa blei gjennomførte. Nokre ver sers godt besøkt, medan me kunne ynskt oss fleire besøkande på andre arrangement. Talet på vitjingar blei nærare 9.000, noko som ikkje var lant unna målsettinga på 10.000. Til fyrste året å vere, må ein kunne seie at dette ikkje er eit dårleg resultat, meinte Nicoali Riise.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit fleirtal av arrangmenta i år var eit samvirke mellom profesjonelle og amatørar. I fylgje Solveig Hellevig gav det utteljing i form av overføring av kompetanse både kunstnarisk og av teknisk art. Nokre stader blei det danna nye produksjonsmiljø.

– Dei to sentrale berebjelkane i Sogeland-satsinga i Vest-Telemark er næringsutvikling og kulturell identitetsbygging. Me ynskjer å utvikle prosjektet vidare og ta i bruk bygdeverdiane i regionen. Er det eit område som har verdiar og ressursar til dette med sogematerialet, så er det Vest-Telemark, meinte ho.

Båe to peika på at Sogelandet er i kreative bygder. Alt fyrste året har arrangementa gjeve ringverknader både innan reiselivet og skapande verksemd. De 11 ulike arrangementa som i år gjekk inn under Sogeland-paraplyen hevda Hellevig og Riise gav ein veldig inspirasjon lokalt.

Sogeland heile sumaren

Ei røynsle ein har gjort, er at fyrste året blei for mange arrangement trykte saman på ei lita veka, og det oppsto også tidsmessige kollisjonar mellom nokre av tilboda. Nicolei Riise seier til VTB at i 2006 vil ein leggje programma opp slik at dei blir spreidde frå St. Hans-tider og fram til skulen byrjar att i august. Målsettinga er at det minst annankvar veke heile sumaren gjennom skal vere ei Sogeland-tilskiping ein eller annan stad i Vest-Telemark.

– Er det alt avgjort kva for arrangement frå i år som ikkje står på programmet neste år?

– Eg kan seie at dei arrangementa me hadde på Kviteseid Bygdetun og i Kviteseid gamle kyrkje, skodespelet «Den mørkeredde ridder» og koret «Schützenglene» som baud på mellomaldermusikk, ikkje blir tekne opp att. Dei samla berre 50 og 30 besøkande. Men me gjev ikkje opp Kviteseid Bygdetun. Her vil det kome nye arrangement. Vidare vil støylsstemnet på Bjønnebutveit i Vinje, som hadde 70 besøkande gå ut, og som erstaning blir det eit arrangment på Mjonøy. Elles blir det ikkje Mellomaldermarknad på Dyrskuplassen i Seljord, sidan dette ikkje blir tema i 2006. Dei andre arrangementa frå i år vil halde fram neste år. Mellom anna vil me ha teateroppsetjinga om presen Landstad og jomfru Crøger i Seljord, seier Nicolai Riise.

Kyr overalt

I 2006 er det 150 år sidan telemarksfeet blei etabledrt som eigen rase. Den eldstestorferasen i landet vil få ein dominerande plass i Sogelandet 2006. Det blir markering på den gamle dyrskuplassen i Kviteseid, og i Seljord blir det ei storstilt mønstring og utstilling av telemarkskyr.

Ein jobbar òg med å få hit ei utstilling av støypte kyr i naturleg storleik, som har hausta gjetord rundt om i verda. Denne utstillinga er no i Stockholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utstillinga er slik at dei fargerike kuskulpturane blir auksjonerte bort der dei blir synt. 75 prosent av salsprisen blir gjeve bort til eit veldedig føremål. Me snakkar no om å få støypt 30 slike skulpturar og plassere dei rundt i Vest-Telemark. For oss er det naturleg at telemarkskua er modell for desse skulpturane, seier Nicolai Riise.

Solveig Hellevig meiner at ein skulpturauksjon kan vere eit naturleg bindeledd mellom det lokale og det globale. Ho tenkjer seg at overskotet kan gå til ulike utviklingsprosjekt i til dømes Afrika.

Langsiktig planlegging

Vest-Telemarkrådet støtta Sogelandet 2005 med 522.000 kroner frå fellesfondet. No inviterar arrangørane fellesfondet om å gå inn i ein tre-årig partnerskapsavtale. Telemark fylkeskommune og Tinfos har signalisert vilje til ein slik avtale som skaper eit meir langsiktig perspektiv på oppbygginga av Sogelandet som noko årvisst og unikt for Vest-Telemark.

– I år gjekk Sogelandet på eit mindre underskot - mindre enn ti prosent av totalbudsjettet på knapt 1,5 millionar kroner - som Dyrsku’n Arrangement har dekt opp. Kvart av arrangementa fekk eit tilskot på mellom 15.000 og 90.000 kroner. I år fekk me på plass kulturen, medan det i 2006 skal bli satsa meir på å gje reiselivet i regionen eit lyft gjennom breiare marknadsføring, forklarte Solveig Helleveig rådsmedlemane.

– Då me løyvde dei 522.000 kronene frå fellesfondet så har eg forstått det slik at det var ei løyving for ein tri-års periode. Når pengane er oppbrukte det fyrste året, så stemmer ikkje kartet med terrenget, meinte Tokke-ordførar Olav S. Urbø.

Solveig Hellevig vedgjekk at dei kan kritiserast for disponeringa av tilskotet frå fellesfondet. Ho sa at mange investeringar måtte bli gjort rundt om på dei ulike arrangementa, og dette kjem til nytte seinare. Dessutan var det i budsjettet kalkulert med større overskot på einskild-arrangement som skulle bli pløgde tilbake, enn det som blei resultatet.

Sogelandet i 2005

Vitjingstala for Sogelandet 2005 blei svært varierande:

St. Nikuls 250

Artikkelen held fram under annonsen.

Den mørkeredde Riddar 50

Schützenglene 30

Landstad/Crøger 900

Slåttefestivalen 1.600

Mellomaldermarknad 900

Gonge 300

Pilegrimen 10

Støylsstemne 70

Artikkelen held fram under annonsen.

Marispelet 2.350

Olsokspelet 700

Grunningsdalen 300

Bondeopprøret 1.400