Telenor la ned fasttelefonlina
Telefonen blei taus og tryggleiksalarmen fungerte ikkje lenger då Telenor kutta fasttelefonsambandet til Kilen sist veke. Hjå Inger Rønningen (85) og Gunnar Østtveiten (92) er det nesten ikkje mobilsignal heller. Etter å ha fått greie på at paret hadde tryggleiksalarm valde teleselskapet å opne lina att.
– Plutseleg verka ikkje telefonen. Summetonen var aldeles vekk. Det fanst ikkje lyd i telefonen, og ikkje i mobiltelefonane heller. Me måtte bare blåse i alt og vente til at nokon kom, fortel Inger Rønningen om den skremande opplevinga.
– Ja, det var som å sita på ei øy, påpeikar Gunnar Østtveiten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han seier han fyrst trudde det var noko feil med lina etter den harde vinden dei siste dagane, så dei tenkte det blei ordna så fort som råd. Slik var det ikkje. Dette var eit varsla kutt frå Telenor, som det eldre paret ikkje hadde fått med seg.
– Dei fire kundane på sentralen fekk brev om at denne ville bli lagt ned. Ettersom me ikkje høyrde noko blei lina teken bort 30. april, orienterer pressekontakt i Telenor, Per Aril Meling.
Utan tryggleiksalarm
Dei to sambuarane har tryggleiksalarm som er knytt til fasttelefonnettet. Denne verka heller ikkje då sambandet var nede. Alarmen fekk dei for eit års tid sidan. Den skulle vise seg å bli svært nyttig. I vinter fekk Gunnar eit umein – han gjekk bare og sveiv, som han uttrykkjer det. Alarmen blei utløyst. Dei fekk fort svar på alarmsentralen i Oslo, som med ein gong gav melding til Kviteseid kommune. Ambulanse blei rekvirert, og snart var 92-åringen på veg til sjukehuset. Der konstanterte dei at han hadde hatt eit lite drypp; altså ein liten blodpropp i hjernen.
Fekk hjelp
Heldigvis skjedde ingenting dei tre døgera paret var utan telefonsamband. Og etter tida utan mogelegheit for å kontakte omverda, kom hjelpa. Heimesjukepleia frå Kviteseid kom som avtalt tysdag morgon, og dei sambandslause telefonabonnentane fekk sendt beskjed med vedkomande om at telefonen ikkje verka. Ja, for at det var lina som var broten var dei sikre på. På telefonbordet i gangen står, forutan basestasjonen for tryggleiksalarmen, både ein trådlaus fasttelefon og den gode gamle grå sveivetelefonen som er plugga i veggen. Den er det god bruk for ved straumbrot.
– Var de redde?
– Nei, det finst ikkje redsler her. Me er vant med litt av kvart, seier Inger.
– Ja, du blir herda, legg Gunnar til.
Då dei fekk vita at stenginga av lina var planlagt, hadde dei ein einaste reaksjon: den lina skal opnast att. Og slik blei det. VTB spurde Telenor om kva som skjedde som gjorde at ho blei opna att.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ho blei opna att etter at me fekk veta at kunden hadde tryggleiksalarm og dårleg mobildekking, svarar Meling.
– Har Telnor noko ansvar for å ha analog linje der det ikkje er mobildekking, slik det er i Kilen?
– Telenor har, med nokre unntak, plikt til å levere «summetone» i form at anten fast-, breibands- eller mobiltelefoni. Viss det ikkje er mobildekking må Telenor levere summetone over koparnettet eller breibandstelefoni over fiber, informerer teleselskapet.
Mista helsa i Televerket
I fyrste delen av arbeidslivet dreiv Gunnar med skogsarbeid med hest. Seinare blei det fast arbeid i Televerket. Der dreiv han for det meste med linjearbeid.
– Stolpereising var tungarbeid. Den gongen var det ikkje å bruke mekaniske greier, så det gjekk gale med ryggen. Ja, langs linene heng helsa mi att, seier den tidlegare televerksarbeidaren, som i si tid sytte for godt telefonsamband for abonnentane. Lite visste han om at selskapet i framtida skulle bestemme seg for å kutte sambandet til Kilen, som dei truleg gjer også til andre små bygder.
Svært dårleg mobildekking
Mobildekkinga på Haugen i Kilen, eller den mangelfulle sådanne, er eit kapittel for seg. Inger og Gunnar fortel at dei av og til kan ha signal akkurat i sofaen i stoga, men elles må dei ut på tunet. Dei dårlege forholda for mobiltelefon har dei sagt klart i frå om til Telenor.
– Men øyro var ikkje opne på dei då me masa om betre mobilforhold, sukkar Inger oppgjeven.
I dag er det ikkje mange husstandar att i Kilen, bare elleve–tolv personar bur i bygda. Inntil for eit par år sidan var Inger og Gunnar mykje meir mobile. Etter å ha køyrd skadefritt i 52 år slutta Gunnar å køyre bil. Dermed er dei avhengige av andre. Paret skryter veldig av grannen Harry Andersson.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Han er ein snill mann for oss. Han hjelper oss og køyrer oss, skryter Inger.
– Ja, han går gjerne frå sitt eige arbeid for å hjelpe oss, supplerer Gunnar.
Legg ned små sentralar
I fylgje Telenor var det bare fire kundar som var knytt til sentralen i Kilen som blei prøvd lagt ned.
– Av desse har to kundar, etter dialog med oss, framleis summetone via fastnettet, informerer Meling.
Han fortel vidare at Telenor ikkje har planar om å stenge fasttelefonnettet for godt, men at telefonsentralar som har færre enn ti kundar blir vurdert å leggje ned viss selskapet kan tilby mobil- eller breibandstelefoni.
Kor mange slike sentralar som finst i Vest-Telemark, og kor mange kundar det gjeld, ville ikkje Telenor gje ut informasjon om.
I eldhuset på Østtveiten der er eg fødd,
på husmannsplassen Pålbu hev eg båneskorne trødd,
Artikkelen held fram under annonsen.
og der hev eg jakta og fiska og gjætt,
og der hev eg arbeidd og banna og bedt.
Og her inni heian’ var her som me budde,
men livet blei no ’kje slik som eg trudde.
Gunnar Østtveiten