Tenker annleis på Black friday - vil heller gje bort litt av omsetninga
Dei tre verksemdene Silkevippa, Blomen og Bukkane bruse i Åmot tenker alle litt annleis på Black friday i år, og gjev heller litt av dagsomsetninga til arrangementet Alternativ jolaften i Seljord.
– Eg grubla på kva eg skulle gjere, eg har ikkje heilt sansen for denne Black friday, den er laga for dei store butikk-kjedane. Så kom Gunn på Blomen med ein ide om å gje ein del av dagsomsetninga fredag til friviljugt arbeid, seier Kari Nordstoga på Silkevippa i Vinje.
– Eg ynskte å ha eit alternativ til kjøpepresset, seier Gunn Torfrid Bratland på Blomen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag vil dei tre verksemdene i Åmot heller gje bort ein prosentdel av dagsomsettinga.
– Me likar godt arrangementetAlternativ jolaften som dei skal ha på folkehøgskulen i Seljord, og gjev pengane til dei, seier Nordstoga.