Testar nytt helsetilbod
I helga var 22 deltakarar med på eit unikt helseprosjekt som attføringsverksemdene arrangerte saman med hotellet i Vrådal.
For nokre år sidan skreiv VTB om fyresdølen Erik Skjervagen si satsing på kinesisk medisin i arbeidet for å hjelpe mellom anna langtidssjukemelde tilbake i jobb. Prosjektet hadde fleire gode resultat, men tiltaket er no lagt ned i ei tid pengesekken til Nav minkar.
No er Skjervagen på banen med eit nytt opplegg som også er heilt spesielt. Som dagleg leiar i Telemark lys har han fått dei fire andre attføringsverksemdene i Vest-Telemark som medspelarar til helsesatsing med både vestleg og austleg medisin på programmet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me skal sette folk i stand til å ta vare på eiga helse og få god livskvalitet. Det skjer ved å gjere deltakarane kjent med helsefremjande og bevisstgjerande verktøy. Me skal bruke det beste frå kinesisk og vestleg medisin. Eg har fått med meg fleire dyktige samarbeidspartnarar. Ved å gje opplæring i bruk av mange metodar i eit heilskapleg helseperspektiv blir dette eit unikt konsept som ikkje er i Noreg frå før, seier Skjervagen.
Førebygging og sjølvhjelp
Ein av medspelarane hans er Venke Haugen som har jobba med helsefremjande tiltak i mange år, mellom anna i bedrifter. Etter 12 års jobbing med arbeidsretta rehabilitering på Attføringssenteret i Rauland, har ho dei 2 siste åra arbeidd i Seljord personal.
Det er eit spenstig initiativ Skjervagen har kome med. På kursa vil deltakarane få eit verktøy dei kan bruke både som førebygging og til sjølvhjelp når livets utfordringar kjem. For det gjer dei, seier Haugen.
Sist helg var 22 personar prøvekaninar i det nystarta helsetilbodet som blei arrangert saman med Straand hotell i Vrådal. Hotelldirektør Sigmund Straand set pris på samarbeid om konseptet i eit område med godt tilrettelagte fasilitetar både inne og ute.
Dette kan bli eit positivt kurstilbod her på hotellet framover, seier Straand, klar for å vurdere om spesialmaten på helsekurset er noko ein også kan tilby hotellgjestene generelt.
Mange innslag
Helgas kurs starta fredag ettermiddag og blei avslutta to døgn etterpå. Haugen tok mellom anna føre seg emnet kommunikasjon. Dårleg kommunikasjon tek tid og krefter og påverkar trivselen og arbeidsinnsatsen. I tillegg kan problemet ende med sjukemelding.
Haugen snakka også om merksemdtrening, ein metode for å takle akutte og kronisk stressande utfordringar. Dessutan hadde Haugen eit av kosthaldføredraga, og snakka i tillegg om ryggplager.
Thuy Dalen tok føre seg kinesisk kosthaldfilosofi og hadde praktisk matlaging saman med deltakarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skjervagen fortalde på ulike tidspunkt om kinesisk medisin, qigong, avspennings- og pusteøvingar, mat og energi og vatn og helse. Kari Årlid sette søkjeljoset på endringsfokusert rettleiing på kurset. Dessutan var det aktivitetar utandørs i løpet av helga.
Alle tilbakemeldingane frå deltakarane blir med i ein evalueringsrunde. Snart kan helsekonseptet kome ut som tilbod til mellom anna bedrifter og privatpersonar, og attføringsbedriftene kan sende deltakarar på kursa. Planen er også å tilby oppfylgingspakker og fordjuping i emne for dei som ynskjer det på vegen til å lære metodar for å betre helsa.