Tett i tett med vaskebrett
Om sommaren strøymer turistane til dei populære Jettegrytene i Nissedal. Når hausten kjem sit dei lokale tilbake med åtte kilometer veg full av vaskebrett. Innbyggjarane i Haugsjå og Eikhom fekk i 1998 brev frå Vegkontoret i Telemark om at fylkesvegen skulle få overflatebehandling i 2000. Dei har enda ikkje sett noko resultat av dei fine lovnadane frå vegkontoret.
Thorfinn Berge i Haugsjå i Nissedal er oppgjeven over vegstandaren på fylkesvegen Haugsjåsund-Eikhom. Kvar sommar strøymer turistane til naturperla Jettegrytene. Når hausten kjem sit lokalinnbyggjarane tilbake med ein veg som passar betre til å riste milkshake enn til å køyre på.
Vegen er heilt utsliten. Det er bare vaskebrett her, seier Berge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klart i 2000
I mai 1998 fekk dåverande Aust-Agder kraftverk, som hadde klaga på vegstandaren, brev frå Statens vegvesen. Av brevet gjeng det fram at vegvesenet planla å utbetre vegen i næraste framtid.
«...vi regner med at de mest nødvendige utbedringsarbeider er ferdig utført i 1999 før dekket legges i 1999/2000. Dekket vil sannsynligvis bli en overflatebehandling», heiter det i svaret frå vegvesenet. Men korkje Berge eller dei 20 andre innbyggjarane og brukarane av vegen har sett resultat av dei fine orda.
Det blei grusa her sommaren 2001, men no er det ikkje noko att av grusen. Derfor hjelper det ikkje å skrape vegen. Det er ingenting å skrape på, seier Berge.
Fylkesvegen det er snakk om er åtte kilometer. Dei siste kilometrane fram til Jettegrytene er privat eigd. Berge ynskjer seg ei løysing med fast dekke.
Det må bli gjort skikkeleg med fyrsteklasses dekke. Då er det ikkje nødvendig med vedlikehald på minst ti år. Det verkar som vegvesenet ser på ørene og tapar kronene, meiner han.
Ikkje for ein kvar pris
Thorfinn Berge understrekar at han ikkje er ute etter å bli kvitt turistane.
Alle turistar er hjarteleg velkomne. Me vil ha alle som ein, men ikkje for ein kvar pris. Prisen no er at me lokale sit att med ein ubrukeleg veg, forklarar han.
Langs vegen er det fleire hus, og Berge fortel at enkelte nesten ikkje kan vera utandørs. Klestørk og liknande må gjerast inne for å ikkje bli støva ned av all trafikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då VTB tok ein køyretur til Jettegrytene fredag kveld, blei det meldt om nesten 60 køyretøy på den humpete vegen til då den dagen. I tillegg hadde fire bussar rista seg til grytene. Dagleg leiar for Haugsjåsund Landhandel, Hallgeir Sundsli, var blant desse bussjåførane.
Vegen er ein skandale. Det er masse nestenulykker. Vegen er smal og dårleg. Når enkelte driv med råkøyring gjeng det fort gale. I dag var eg sikker på det small då eg møtte ein BMW, men det gjekk heldigvis bra, seier Sundsli.
Ingen garantiar
John H. Nilssen, overingeniør ved Statens vegvesen i Telemark, er klar over den dårlege forfatninga fylkesvegen er i. Han forstår at innbyggjarane er opprørt over at det ikkje har skjedd noko trass positivt brev.
Eg ser at brevet det blir referert til gjev klare bindingar. Det skjer dessverre frå tid til annan at prosjekt forsvinn eller blir utsett. Ofte er det budsjettkutt og omprioriteringar som er orsak til at vegar ikkje blir rusta opp som planlagt, forklarar Nilssen som ikkje kjenner orsaka i den aktuelle saka.
Han kan ikkje gje nokon garanti for at vegen blir rusta opp slik vegvesenet ymta om i 1998.
Det er ikkje planar om noko i år. Eg veit ikkje om det kjem til å skje noko neste år heller. Ansvaret for dekkelegging ligg no under regionskontoret i Arendal, seier Nilssen.
Han har sjølv køyrt vegen i sommar og er smerteleg klar over den dårlege standaren.
Me har dessverre mange dårlege fylkesvegar. Kvaliteten er under einkvar kritikk, innrømmer han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nissedal kommune reklamerer for Jettegrytene på si heimeside, utan å tenkje på at mykje trafikk og lite vedlikehald ikkje heng saman. No meiner Sundsli politikarane må kome på banen.
Politikarane kan ikkje kyte og marknadsføre Jettegrytene, utan å leggje forholda til rette, seier han.
Purrar
Nissedalordførar Øyvind Tveit har nyleg sendt brev med purring på at det ikkje skjer noko med vegen. Han føler eit press overfor innbyggjarane i den vesle grenda.
Klart me gjer det. Det er sterkt beklageleg. Me har purra med jamne mellomrom og har også jamleg kontakt med vegstasjonen på Notodden. Det hjelper i alle fall ikkje slutte å purre. Ein må bare stå på, meiner Tveit.