Tevling om å bli årets grautgrams
Dyrskulaurdagen, 10. september, blir det for fyrste gong halde noregsmeisterskap i grautkoking på Dyrskuplassen.
– Fram til 10. august kan ein melde seg på til tevlinga, seier sals- og marknadsleiar for Dyrsku’n arrangement, Yvonne Eilefstjønn.
Ho fortel at Dyrsku’n ynskjer seg glade grautkokarar frå heile landet, unge og eldre, tradisjonsberarar og dei nyskapande.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og me ynskjer oss fleire lokale deltakerar til NM i graut, så meld dykk på, oppmodar Eilefstjønn som vonar at grautentusiastar, matekspertar og andre interesserte skal finne vegen til Dyrskuplassen.
Eilefstjønn fortel at deltakarane i tevlinga vil få høve til å koke kvardagsgraut, festgraut eller nyskapande graut delt i fire heat. Deretter skal grauten smakast på og vurdert av eit domarpanel.
– Vinnaren sit att som Årets grautgrams 2016, seier Eilefstjønn.
– På høg tid med eige meisterskap
– Graut og velling er av dei mest tradisjonsrike rettane i norsk matkultur, og har historisk vore viktige både i fattige kår og på festbordet. Etter år med velferdsvekst og spennande importerte råvarer er me nå merksame på kvardagsgrautens helsemessige effekt og internasjonale status. Me skal ikkje lenger enn til København for å finne ein eigen grautbar, og i Skottland har det i fleire år blitt arrangert verdsmeisterskap. Det er derfor på høg tid at grautnasjonen Noreg lanserar sitt eige meisterskap, seier prosjektleiar for Noregsmeisterskapen på Dyrsku’n, Anne Røde.
– At det er Dyrsku’n som arrangerer meisterskapen er ikkje tilfeldig. Likskapen mellom dei to er påfallande. Dei er begge folkelege og tradisjonsrike, populære og dagsaktuelle, meiner Røde.
Ynskjer å auke kunnskapen
I år feirar Dyrsku'n 150-årsjubileum med mellom anna å trekke fram grauten.
Prosjektleiar for Dyrsku’n, Margit Nordstoga Aasan, ser fram til konkurransen.
– Me gler oss til å sjå, smake og oppleve alle dei ulike variantane av norsk kvardagsgraut. Målsettinga er å bidra til auka kunnskap om nasjonale kornsortar og mjølkeprodukt, på same tid som me skaper underhaldning for både deltakarar og nysgjerrige publikum. Årets meisterskap blir det fyrste i historia. Om alt går som det skal håper me at meisterskapen kan bli eit fast innslag, seier Nordstoga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opplysningskontoret for Meieriprodukt, Norges Bygdekvinnelag og Nofima samarbeider med Dyrsku’n om noregsmeisterskapen.