Ti entreprenørar konkurrerer om elkontrakten for den nye tunellen Århus–Gvammen. (Arkivfoto)
Ti entreprenørar konkurrerer om elkontrakten for den nye tunellen Århus–Gvammen. (Arkivfoto)

Ti entreprenørar ynskjer el-jobb i tunellen

Med variasjon frå 88 til 137 millionar kroner har ti entreprenørar kome med tilbod til elektrokontrakten på E134 Århus–Gvammen.

Statens Vegvesen melder at ti entreprenørar konkurrerer om storkontrakten for elektroarbeidet som hovudsakleg vil vere i den 9,4 kilometer lange Mælefjelltunellen på E134.

Arbeidet som skal bli utført er svært omfattande og vil pågå heilt fram til vegen opnar i 2019. 200 000 meter kabel må til for å nå fram til alt som krev straum inne i og rundt tunellen. Det vil også vere fyrste gong ein vegtunell får 200 høgtalarar for å kommunisere med trafikkantar, står det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har opna alle konvoluttane med tilbod. Nå skal me gå gjennom tilboda for å sjå om alle krav me sette er fylgd. Dette arbeidet er ganske tidkrevjande og når me kjem med ei innstilling får dei andre ni høve til å klage på avgjerda vår innan ein bestemt frist. Me ventar ei endeleg avgjerd i august, opplyser byggjeleiar Jolanta Kroczak.

Tilbydarane er: Langset/NLI 88 189 958 kroner, Aventinstallation 93 923 896,95, Land Elektriske AS 96 259 295, Vinje Industri AS 97 951 885,50, Nettpartner/ABB AS 102 827 987,91, Laugstol AS 115 249 781, Roxcell AS 116 144 134,70, VVB Engirneering LTD 118 765 188, Otera Infra 125 126 852 og BMO Elektro AS 137 836 125.