Tida for solidaritetsdag
Torsdag og fredag nyttar elevane ved Vest-Telemark vidaregåande skule dagen til å tene pengar som skal gå til ein barnehage i Ghana. Prosjektet blei starta i 2001 av ein tidlegare elev ved skulen.
Skulen gjev elevane ein heil skuledag til å gjennomføre prosjektet, og elevrådet ved skulen på Dalen valde ut fyrstkomande torsdag som dagen då elevane skal tene pengar til prosjektet. Nytt i år er at også avdelinga i Seljord skal vera med. Dei skal ha aksjonsdagen sin dagen etterpå – altså den 3. november.
Elevane skal tene minimum 300 kroner denne dagen, og alle pengane skal gå til barnehagen Bright Future Preporatory School (BFPS) i Ghana.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var tidlegare elev ved skulen på Dalen, Kristin Hestmann Vinjerui, som starta prosjektet alt i 2001. Ho fortel at skulen har vore meir eller mindre med heilt sidan starten.
– Det var litt i rykk og napp dei fyrste åra, men frå 2012 har skulen vore med kvart år. Det har vore heilt avgjerande for prosjektet, seier Vinjerui som er utdanna lege.
Takksam
Ho fortel at midlane frå skulen har vore øyremerkt til dei større prosjekta så som undervisningsbygg, toalettanlegg, kjøkken og tilbygg til dei yngste borna.
– Midlane i år skal gå til ferdigstilling og interiør i ein ny matsal som blei sett opp i fjor, fortel Vinjerui, opphavleg frå Rauland, no busett i Levanger.
– Eg vil gjerne takke elevar og lærarar ved skulane. Utan innsatsen deira hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre prosjektet. Eg er særs takksam for innsatsen. Om nokon ynskjer å vite meir om prosjektet er det mogleg å lese om Bright Future på ymse sosiale media, avsluttar Vinjerui.