Det kan bli byggestart for fyrste tunnel innanfor fyrste planperiode.
Det kan bli byggestart for fyrste tunnel innanfor fyrste planperiode.

Tidlegare oppstart av tunnelen Røldal–Seljestad

Regjeringspartia er samde i at bygginga av tunnelen E 134 Røldal-Seljestad kan starte tidlegare enn fyrst planlagt. Det er godt nytt for Haukelitunnelane.

Det framkjem i ei pressemelding frå Transportkomiteen på Stortinget. Det er dei fire posisjonspartia som er samde om at det skal bli tidligare oppstart av E134 Røldal–Seljestad, og der prosjektet flyttas til oppstart i fyrste planperiode. Dette er også i tråd med lokale interesser.

I pressemeldinga vert det også synt til at E134 alt er utpeika som hovudfartsåre mellom Austlandet og Vestlandet, og kjem best ut av det i Nasjonal Transportplan. Komiteen stadfestar også at den viktigaste strekninga å utbetre på E 134 er Haukelitunnelane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siger

Telemarkspolitikarane Geir Jørgen Bekkevold (KrF), Solveig S. Abrahamsen (H) og Bård Hoksrud (FrP) kallar det fullt gjennomslag.

– Dette er ein siger for Telemark og alle dei gode kreftene som har jobba for å få på plass dette viktige prosjektet. Med oppstart i fyrste planperiode blir tunnelane nå ein realitet og ikkje ein fjern draum, slår dei tre stortingsrepresentantene frå Telemark fast, og legg til at dette er viktig for både næringslivet og dei som bur i regionen.

Bompengebidrag

– Det betyr mykje for utviklinga og veksten framover, seier politikarane på Telemarksbenken, som er særs nøgde med at E 134 no skal rustast opp. I forslaget legg ein til grunn at bompengebidraget kan nyttast slik at byggestart for fyrste tunnel blir innanfor fyrste planperiode.