Tidlegare Tokke-lensmann kan bli Seljord-rådmann

Administrasjonsutvalet i Seljord kommune innstiller Finn Arild Bystrøm (43) frå Rjukan til ny rådmann i kommunen. Bystrøm har tidlegare mellom anna arbeidd som lensmann i Tokke kommune, og er nå tilsett som kommunalsjef for samfunn og utvikling i Tinn kommune. Det er kommunestyret i Seljord som skal tilsetje den nye rådmannen 29. juni.

Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap), seier administrasjonsutvalet fekk tre nye søkjarar i tillegg til den opphavlege lista på ti rådmannskandidatar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då den førre kandidaten me innstilte trekte seg, valte me å utsetje fristen og opne for fleire søkjarar, seier Haugan.

– Kven var dei to nye søkjarane i tillegg til Bystrøm?

– Det kan eg ikkje seie, for dei trekte seg då innstillinga var klar, seier ordføraren.

Ordføraren legg til at administrasjonsutvalet, som er sett saman av fem politikarar og to tillitsvalte, var alle samde om at Bystrøm er den rette personen som ny rådmann i Seljord.

– Bystrøm vil vere til stades under kommunestyremøtet 29. juni då tilsetjinga er på dagsordenen, seier ordførar Haugan.