– Fellesskapet var viktig for Svein, difor er det godt at me nå har fått ein samlingsstad som små og store kan kose seg saman i, seier Kari Mette Brekke.
– Fellesskapet var viktig for Svein, difor er det godt at me nå har fått ein samlingsstad som små og store kan kose seg saman i, seier Kari Mette Brekke.

Til det beste for bygda

Då hotelleigar Svein Brekke vart sjuk var eitt av hans siste ynskje at ei gåve skulle gå til heimbygda Morgedal. Nå står ein kjempestor gapahuk klar for ålmenta, og familien til Svein vonar han blir rikeleg nytta.

Det nye flotte byggverket som har kome på plass på ridebanen i botn av skibakken midt i Morgedals-bygda er nå klart for å samle små og store.

– Gapahuken er bygd av skog frå bygda og lokale handverkarar har sett han opp. Nå er han ferdig, og eg vonar at dette blir ein stad der folk kan kome og ete nistepakka, grille pølser eller samlast til ulike arrangement. Gapahuken er open for alle som vil nytte han, om det er lokalbefolkning, ulike lag eller turistar som vitjar Morgedal, seier Kari Mette Brekke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor gåve

Gapahuken er bygd av gåvemidlar som kom inn i gravferda til Svein Brekke, som gjekk bort i februar i fjor.

Svein, som for svært mange i regionen, var kjent som hotelldirektør og bygdepatriot, vart sjuk og kom med eit ynskje. Om folk skulle folk gje ei gåve i gravferda hans, måtte pengane gå til noko bra i Morgedal.

– Det var viktig for Svein at pengane skulle kome til glede for bygdefolket og dei som besøker bygda. I gravferda kom det inn 60.000 kroner, og me i familien ynskte at dette skulle bli nytta til noko skikkeleg. Difor er eg svært glad for at me kom fram til ein gapahuk som kan bli ein sosial møtestad for alle, seier Kari Mette.

Stort hjarte

Svein var ein mann med eit stort hjarte for heimbygda, og gapahuken skal vere ein møtestad der alle blir inkludert.

– Eg vonar at det snart kjem folk som vil ta i bruk nybygget. Eg trur me har fått til noko, akkurat slik Svein ynskte det, seier Kari Mette.