Frå dommartårnet i Huka har Jarle Solbu god oversikt over kven som set skikkelege telemarksnedslag.
Frå dommartårnet i Huka har Jarle Solbu god oversikt over kven som set skikkelege telemarksnedslag.

Til VM med falkeblikk

Jarle Solbu frå Høydalsmo er klar for ski-VM 2015.

Trass i at det framleis er halvanna år til ski-VM i Falun gjeng av stabelen, er ein nordmann allereie tatt ut til meisterskapen. Jarle Solbu er busett i Høydalsmo, men har dømt fleire titals hopprenn i heile elleve land. No er han klar for dommarkarrierens høgdepunkt.

– Eg gler meg stort. Det var veldig artig å bli tildelt eit VM i løpet av karrieren. I tillegg likar eg meg veldig godt i Falun, så det gjer det ekstra artig. VM er noko av det største du kan vere med på, sjølv om OL kanskje heng litt høgare. Men eg har jo vore med å dømt prøve-OL, så då er eg naturleg nok utruleg godt nøgd med å få VM i staden, seier Solbu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erfaringa hans er det lite å utsetje på, han har etterkvart blitt ein bereist mann, og er vant med presset dommarane har på seg når dei på få sekundar skal bestemme kva for stilkarakter hopparane skal få. Han medgjev likevel at han merkar trykket eit verdsmeisterskap fører med seg.

– Det er eigentleg ingen forskjell, reglane er jo dei same uansett. Når det er sagt er det klart at ein kjenner meir til presset når eg dømmer worldcup eller andre store meisterskap som sendast direkte på fjernsynet.

Amman juksar mest

Ein treng ikkje vere hoppdommar for å vite at eit skikkeleg godt skihopp skal avsluttast med eit telemarksnedslag. Men ein treng kjennskap til regelverket for å sjå om nedslaget er heilt etter boka. Mange av hopparane prøvar seg nemleg med tjuvtriks, med det formål å manipulere dommarane, slik at det ser ut som dei har hatt ei betre landing enn det som eigentleg er tilfelle. Dersom hopparane er gode på dette, kan det vere svært vanskeleg å ta dei på det, forklarer Solbu.

– Hopparar som juksar på nedslaget er ein dommars skrekk, det er det dei kan lure oss på. Hoppbakkane har blitt større og større, medan dommartårnet står på same plassen. Då kjem ein lengre bort frå der dei landar, og det blir vanskelegare å sjå juks. Verstingen på desse falske telemarksnedslaga har dei siste åra vore sveitsiske Simon Amman. Han skuvar den eine foten fram med ein gong han har landa, så det ser i farten ut som han gjer eit godt nedslag, men dersom ein ser på video etterpå ser ein som regel at han landar med føtene jamsides. Eg er alltid litt ekstra på vakt når han hoppar.

På den andre sida av skalaen finn ein dei såkalla stilhopparane, som er best når det kjem til stil og teknikk.

– Det er ingen som hoppar finare enn Wolfgang Loitzl frå Austerrike, han sett så og sei alltid fine nedslag. I tillegg har du eit par nordmenn som hoppar flott. Anders Bardal er ein klassisk stilhoppar, sjølv om han sleit litt med nedslaga i fjor. Og så har du Anders Jacobsen, som stort sett leverer gode tekniske hopp.

Får gode tilbakemeldingar

Dommaryrket inneberer at ein til alle tider skal halde seg nøytral i forhold til kven som hoppar, og ingen skal i teorien bli dømt på noko ana enn det tekniske. Det hender likevel at nokre dommarar anten dømmer hopparar frå sitt eige land litt strengare for å understreke at dei er upartiske, eller på den andre sida av og til gjev litt høgare karakterar enn det deira landsmenn fortener. Solbu prøvar på si side å unngå dette som best han kan.

– Eg prøvar sjølvsagt å vere upartisk, for det er ikkje noko moro dersom du fleire gonger gjev høgast poeng til nordmenn under renn i utlandet. Det blir ikkje særleg godt teke i mot. Men dersom du held deg til reglane og dømmer etter det du faktisk ser, brukar det å gå veldig bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og bra verkar det som det gjeng, for ledar for FIS’ dommarkomité, Ueli Forrer, har følgjande å seie om dei norske hoppdommarane:

– Dei norske dommarane er best i verda på å dømme hopprenn etter reglementet.

Godt førebudd

Det er ikkje berre utøvarane som må førebu seg til VM, for Jarle Solbu sin del inneber oppkøyringa naturleg nok mykje dømming av diverse hopprenn, men ikkje berre i tradisjonelle former.

– Eg må dømme tre renn i løpet av kommande sesong heime frå stova. Eg ser renna, som FIS har vald ut, og gjev karakterar som eg sender inn til dei. I og med at eg har reprisar, skal det vere ein tilnærma fasit. Dersom eg ikkje gjer dette, mistar eg oppdraget. I tillegg blir det jo nokre renn å dømme frå tårnet denne sesongen også, seier Solbu, som startar sesongen så tidleg som første helga i august, då han reiser til Wisla i Polen for å dømme sommar grand-prix.