Under gudstenesta i Vrådal kyrkje sundag innsette prost Øyvind Jørgensen (t.v.) Geir Valle som sokneprest i to sokn i Kviteseid. Til høgre sokneprest Kjell Arne Norum.
Tilbake i Vest-Telemark som prest
Geir Valle (57) hadde oppveksten sin i Fyresdal. Etter presteutdanning og mange år i utlandet er han tilbake i Vest-Telemark. Sundag kunne han gle seg over å bli innsett som sokneprest i dei to sokna Vrådal og Fjågesund og Kilen.
Det var ei fullsett kyrkje i Vrådal som sundag tok imot Geir Valle som ny sokneprest i bygda og for Fjågesund og Kilen sokn. Prost Øyvind Jørgensen innleia med helsing frå biskop Olav Skjevesland og fortalde elles om Valle si arbeidstid både i inn- og utland.
– Erfaringane du har vil vere veldig verdifulle. Ta med deg ditt blide og opne vesen i arbeidet. Som prest er du tilsynsmann og skal sjå til menneska, var blant orda prosten valte.
Valle kom til Fyresdal som triåring, og budde der fram til han byrja på gymnas i Bø. Så tok han studentteologi i sju år i Oslo, etter å ha bestemt seg for å bli prest. I 1978 vart han feltprest på Evjemoen, og året etter byrja han i vikariat som sokneprest i Sauherad.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP