Tilbake på vegen etter 55 år
Rundt 170 veterankøyretøy deltok i årets Sjøormløp. Den store overraskinga laurdag var ein Buick 1920-modell som var tilbake på vegen etter å ha stått bortgøymd i 55 år i Fjågesund.
Vest-Telemark Motorhistoriske Klubb (VTMK) blei skipa i 1983, og har i dag rundt 100 medlemer. Dei kjem frå heile regionen, men flest høyrer heime i Seljord der også klubbhuset ligg.
Kvart år inviterer klubben til Sjøormløpet. Meininga med arrangementet er å samle dei som er interesserte i meir enn 30 år gamle bilar, til ei uhøgtidleg tevling.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og til køyretur slik at ein får vist bilen sin og treffe andre med same interesse, fortel Stein Larsen frå Kviteseid. Han er leiar i VTMK.
Mange flotte bilar
Laurdag arrangerte klubben Sjøormløpet for 26. gong. Nesten 200 veterankøyretøy var påmeldt. Grunna ikkje heilt bra vêr og kanskje andre årsaker, enda deltakartalet på 170.
Det talet er me veldig godt nøgde med, seier Larsen.
Deltakarane køyrde ei løype frå Seljord til Vrådal og tilbake. På strekninga var det lagt inn fem stoppostar der det var ulike oppgåver med vekt på kunnskap. Andre som køyrde i same vegområda laurdagen kunne gle seg over å møte mange flotte doningar.
I startområdet på Dyrskuplassen fann VTB ein staseleg kledd Sverre Øigarden frå Fjågesund. Han står ved sida av ein Buick 1920-modell som bestefaren kjøpte i 1950 i Oslo. For fyrste gong skulle veteranen vere med i eit løp.
Eg fekk bilen i gang i vår. Han har stått sidan 1954 då bestefar krasja med presten. Det er velsigna at bilen er i gang att, smiler Øigarden.
Pipa eg har i dag låg i sidelomma på bilen. Pipa tilhøyrde bestefar og det var framleis fyr i ho då eg fann ho, humrar Øigarden.
Dagens overrasking
Buicken er ein kuriositet og var dagens overrasking. Det er veldig sjeldan at ein så gamal bil har gått så lite og er i så god stand utan å ha blitt totalrenovert, seier Larsen om bilen frå Fjågesund som kom i originallakk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles fortel leiaren i VTMK at han etter løpet slo av ein prat med mange av deltakarane, og alle var nøgde med løypa. Det at vêret betra seg utover dagen var heller ikkje noko minus.
Klubben er godt nøgd med arrangementet. Men det er eit kjempelyft, for mykje må gjerast, avsluttar Larsen, like før det er klart for fest og premieutdeling på hotellet i Morgedal.