Ruth Kvålo Dalen på Fønnebø tek i mot president Jon Rikard Kleven (t.v.) i Øyfjell City og Helge Rorgemoen. Ho og familien vert ynskt velkomen til bygda. Etter besøket seier Ruth at ho no kjenner seg som ekte øyfjelling.
Ruth Kvålo Dalen på Fønnebø tek i mot president Jon Rikard Kleven (t.v.) i Øyfjell City og Helge Rorgemoen. Ho og familien vert ynskt velkomen til bygda. Etter besøket seier Ruth at ho no kjenner seg som ekte øyfjelling.

Tilflyttarane skal kjenne seg velkomne

Tilflyttarar til Øyfjell vert ikkje gløymde. Alle vert personleg ynskt hjarteleg velkomne til bygda av Øyfjell City-prosjektet. Dei nye innbyggjarane får tidleg merke at dei vert sette pris på. Ei eiga gruppe i tilflyttingsprosjektet inviterer seg sjølv heim til tilflyttarane og deler ut medlemsskap i Øyfjell City.

Utanfor grendehuset gjer Jon Rikard Kleven i eigenskap av president i Øyfjell City, og leiar i Øyfjell galskap Helge Rorgemoen seg klare til ein ny besøksrunde. Dei har med seg den spesiallaga Øyfjell City-kaka, kaffi, te og ikkje minst store medlemsskapsdiplom til dei som skal få besøk denne kvelden.

– Alle som har flytta til Øyfjell frå tilflyttingsprosjektet starta 10. desember 2006 har fått denne personlege velkomsten. Det er nemleg veldig viktig for bygda at det kjem nye folk hit, seier Helge Rorgemoen og lover kaffikos i stova til alle nye som flyttar til fjellbygda i 2009. Då er prosjektperioden for Øyfjell City over, men dei mange trivnadstiltaka skal leve vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

På garden Øygarden ynskjer Trine Lothe hjarteleg velkomen saman med borna Eirik og Tuva. Den vesle familien kom flyttande frå Bærum i august i fjor, slik at ungane kom nærare faren som er øyfjelling.

– Me trivst utmerkt. Eg var kjent i området frå tidlegare. Ti år i Oslo og Bærum var nok, meiner Trine som opphavleg kjem frå Raudeberg i Vågsøy i Sogn og Fjordane.

No har ho skaffa seg lærarjobb på Høydalsmo skule, og Eirik på ti og Tuva på 3 1/2 har også funne seg vel til rette på skulen og i barnehagen i Øyfjell.

Engasjert skyttarprat

Det aktive skyttarlaget har fått ein ny rekrutt i Eirik. Han har byrja skyte med salonggevær. Dette er eit val av hobby som mangeårige skyttarlagsleiar Helge Rorgemoen set stor pris på. Me har ikkje vore lenge i stova før Eirik finn fram skivene frå den siste skytinga i kjellaren på grendehuset.

Den unge skyttaren får gode råd av Helge og ei sterk oppmoding om å halde fram.

– Her har du ein god serie der skota sit samla, seier Helge og snart er dei to inne i ein intens skyttarprat.

Trine synest det skjer så mykje i bygda, og alle aktivitetane er veldig inkluderande.

– Det kjem sms-ar med spørsmål om eg vil vere med på den eine aktiviteten etter den andre. Alltid er me ein gjeng som har det koseleg, så her i Øyfjell treng ein ikkje verte sitjande aleine, seier ho, og fortel at ho går med byggjeplanar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at den vesle familien har fått overrekt diplomet som synleg bevis på medlemsskap i Øyfjell City, er det på tide å kome seg ut på landvegen att.

Skapar eigne arbeidsplassar

President Jon Rikard Kleven set kursen mot Fønnebø. Der opnar Ruth Kvålo Dalen døra og ynskjer velkomstnemnda velkomen inn i stova. Ho er opphavleg frå Høydalsmo, men har no valt Øyfjell som både bu- og arbeidsstad.

Ruth er biletkunstnar og kjent som ein framifrå portrettør. Helge og Jon Rikard let seg imponere når Ruth hentar ei stor mappe og syner døme på dei flotte kunstverka ho skapar. Dei er strengt figurative. Vertinna ymtar frampå at lysten til å male litt mindre figurativt er kome snikande.

– Eg får sjå korleis det utviklar seg, seier Ruth.

Ho har etablert eige bedrift, og jobbar med illustrasjonar og bøker. Ei 40 prosent stilling på skulen i bygda har Ruth sagt frå seg. No ynskjer ho å konsentrere seg fullt og heilt om eiga kunstnarisk utvikling.

– Ein vert ganske egosentrert i denne bransjen, og det tek tid å byggje seg opp, fortel Ruth.

Bygda får galleri

Saman med mannen Ole Dalen, kjøpte ho ein stor bygning i Straumekrysset. Her har dei etablert Galleri Straume. Målet er å skape ein samlingsplass med galleri, atelier og kontor til Ole. Han har også etablert eige firma og syslar med industridesign og eit profileringsprosjekt i regi av Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU). I andre høgda skal Betania-kyrkjelyden i Øyfjell mellom anna drive med sitt arbeid retta mot barna.

– Vona er at alt er klart om eit år. I galleriet vil det også verte ordna til kaffibar for å skape ein triveleg møtestad for øyfjellingane og ein stoppestad for dei mange turistane som køyrer forbi på veg til Rauland, fortel Ruth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jon Rikard reiser seg og held ein velkomstale til Ruth som vert beden om å helse til Ole og den vesle sonen når dei kjem heim seinare på kvelden.

– No kjenner eg meg som ein skikkeleg øyfjelling, seier Ruth når den lokale presidenten gjev henne diplomet frå Øyfjell City.