«Tilleggsinformasjon» bak stengde dører

Opplysningar som folkevalde får kjennskap til på bygda, gjev heimel for å lukke møtet. Slik heiter det i eit vedtak formannskapet i Seljord gjorde i ei høyringssak om kommunelova.

Paragraf 31 i kommunelova slår fast at møte i folkevalde organ skal bli haldne for opne dører dersom ikkje anna fylgjer av lovpålagt teieplikt elle vedtak etter denne paragrafen.

– Opplysningar som folkevalde får kjennskap til på bygda, som er relevante å trekkje inn i debatten, og i sin art vil vera underlagt teieplikt, gjev heimel til å lukke møtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik lyder eitt av punkta i eit vedtak som rådmannen i Seljord gjorde framlegg om, og som medlemene av formannskapet samrøystes vedtok utan debatt.

Endringar i kommunelova

Saka galdt ei høyringsuttale frå kommunal- og regionaldepartementet om framlegg til endringar i kommunelova. Notatet inneheld ti framlegg; mellom dei revisjon av paragrafen om opne eller lukka offentlege møte.

– Endringa tydeleggjer kva for omsyn det er viktig å leggje vekt på om møte i folkevalde organ skal vera opne eller lukka. Det er ei positiv endring, meinte formannskapet, i tråd med innstillinga frå rådmannen.

I vedtaket blei det i punktet om opplysningane som politikarane får kjennskap til på bygda vist til paragraf 31 punkt 3, som lyder slik: «Eit folkevald organ kan vedta å handsame ei sak for stengde dører der omsynet til personvern eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier dette. Debatt om dette går føre seg bak stengde dører dersom møteleiar krev det eller vedkomande organ vedtek det. Personalsaker skal alltid bli handsama for stengde dører.»

Hemmeleg Dyrsku

Det var også denne paragrafen som blei bruka då formannskapet vedtok å lukke møtet under fyrste posten på programmet den dagen. Kulepunktet heitte «Orientering v/dagleg leiar for Dyrsku’n». Den daglege leiaren, Solveig Hellevig, rakk mellom anna å koma med ynskje til politikarane om å ta stilling til arealbruk for Dyrsku’n, før ålmenta, etter eit samrøystes vedtak, blei nekta å høyre på den vidare orienteringa frå selskapet som alle innbyggjarane i Seljord, gjennom Seljord kommune, eig halvdelen av.

Den andre halvdelen eig Telemark Landbruksselskap. På førre møtet i formannskapet, i slutten av september, var eitt av strekpunkta «Møte med Telemark Landbruksselskap». Framfor dette møtet blei også frammøtt presse venleg avvist, med grunngjeving om at det bare var ei orienteringssak og inga sak der det skulle gjerast vedtak.

I ingen av tilfella blei det opplyst om det var av omsyn til personvern eller tungtvegande private eller offentlege interesser politikarane i Seljord såg som heimel for å avskjera ålmenta frå orienteringar om Dyrsku’n.

Kommunestyret skal torsdag gjera vedtak i høyringssaka om endringane i kommunelova.