Tilrår å leggje ned Fjone skule
Familiar på Fjone har fått godkjent søknader om at fire elevar frå hausten av får gå på skule i Treungen. Med bare fem elevar att ved grendeskulen etter sommaren tilrår skulesjefen å leggje ned skulen.
I dag er det elleve elevar frå 1. til 7. klasse ved skulen på Fjone. Når åttandeklasse ventar for dei, er det rundt to mil med busskøyring til ungdomsskulen i Treungen.
Skuleeiningsleiar Sissel Bronken i Nissedal kommune har i vinter fått søknader frå familiar på Fjone om at fire elevar i staden får skulegang i Treungen frå hausten av. Årsaken til ynsket om skulebyte er at det sosiale miljøet blir for lite – å kome i eit større miljø kan vere positivt både for vidare læring og sosial utvikling, blir det peika på. Foreldre skriv elles at dei er veldig fornøgde med Fjone skule – lærarane der gjer eit særdeles godt fagleg arbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei fire elevane kan flytte skulegangen til Treungen. Sidan det er ordinær offentleg transport frå Fjone til Treungen og tilbake om ettermiddagen, vil kommunen koste skuletransporten for elevane som byter skule. Hadde ikkje transportordninga vore der, måtte foreldra sjølve sytt for transport.
Tre elevar om to år
To andre elevar som går på grendeskulen i dag, går ikkje der frå hausten av. Slik det ser ut nå er det ingen verken komande eller neste skuleår som skal starte i 1. klasse på Fjone. Status i dag er då at det bare er att fem elevar på skulen etter sommarferien både i år og neste år.
Endå lågare tal ligg det an til å bli året etterpå – tre elevar. Så vil talet gå opp til høvevis seks og åtte elevar 2021–2022 og 2022–2023. Tala kan sjølvsagt endre seg om det blir tilflytting eller fråflytting.
Sissel Bronken konstaterer at slik det ser ut nå, er det att bare fem elevar som skal nytte Fjone skule frå hausten av.
– På bakgrunn av tala som nå ligg føre må eg som einingsleiar skrive ei sak til kommunestyret med tilråding om å avvikle Fjone skule frå hausten av, seier Bronken til VTB få timar før avisa gjekk i trykken i går.
Har hatt ein open og god dialog
I slutten av oktober 2017 hadde foreldre til elevane på Fjone skule eit møte, og då kom det fram at tre familiar/heimar vurderte å søkje skulebyte til Treungen.
– Me hadde ein god og open dialog om dette og om korleis det vil påverke kvardagen til dei ulike heimane, seier FAU-leiar Liv Irene Mandt Lindvig.
Ho fortel at i samband med utspel om skulebyte har FAU vore oppteken av at alle foreldre har følt seg sett og høyrd i saka. Lindvig legg til at ein ynskjer å gjere det beste for at alle partar skal få ein best mogleg kvardag både i og etter prosessen med skulebyte.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me blir alle påverka av dette på ein eller annan måte, og FAU har vore tydeleg på at ein må ha respekt for kvarandre og å kunne vere einige om at me er ueinige, seier Lindvig om at nokon vel å byte skule medan andre vil at sine barn skal fortsetje skulegangen på Fjone.
– Kva blir utfallet for Fjone skule når det til hausten blir att bare fem elevar der slik det ser ut i dag?
– Det veit me ikkje, men at det blir ei sårbar gruppe att på Fjone er det ingen tvil om. FAU og heile familiegruppa er derfor veldig opptatt av å få politikarane til å satse, slik at Fjone får barnehage/oppvekstsenter, svarar Lindvig.
Tidlegare har det vore politikarar som har kome med forslag om å leggje ned Fjone skule.
– Denne gongen er det foreldre og ikkje politikarane som har uttalt seg, og då stiller saka seg heilt annleis. Det er forskjell på at andre skal fortelje oss kvar våre barn skal gå på skule, kontra kva me foreldre meiner er best for våre barn, seier Lindvig.
Foreldre på Fjone har i rundt eitt år nå bede politikarane gjenopne barnehagen i bygda. Om tilbodet kjem på plass, undrar Lindvig om ei løysing i tillegg kan vere å ha småskule (1. til 4. klasse), om ein ikkje kan oppretthalde mellomtrinnet (5. til 7. klasse).
– Det kjem an på kva politikarane vil, seier Lindvig.
Ho avsluttar med desse orda kring skulebyteprosessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– FAU ved Fjone skule forventar at skuleeigar vil gjere denne prosessen på best mogleg måte, slik at heimane og med dei utfordringane dei eventuelt skulle få, vil bli best mogleg tatt vare på.