Tilsynstur i gråbeinsområde
Ulven tok tre av vrådølen Trygve Straumsnes sine sauer i juli. VTB var med bonden på leiting etter ulven og nye offer for rovdyret.
Klokka er berre ni, men sola steikjer alt i nakken. På eit jorde i Vrådal er fire sauer og ni lam samla i ei lita innhegning. Dei har kome ned att frå beiteområdet på heia sjølve og Trygve vil finne ut kva for nokre sauer det er. Nummera på øyremerka til sauene blir loggført i ein almanakk.
Detta ser ikkje bra ut, mumlar Trygve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han noterar litt meir, skriblar og blar fram og tilbake i boka.
Ved fyrste augekast kunne det sett heilt rett ut, fire sauer med ni lam, men øyremerkinga fortel noko anna. Det viser seg at to av sauene manglar kvar sitt lam, og tre av lamma manglar mor.
Når lamma kjem utan mor si byrjar ein å lure. Det var akkurat det sama som skjedde i fjor. Det lovar dårleg når det manglar fem sauer på ein så liten flokk. Det er eit eller anna som tek for seg i heia, og no må eg finne ut kva det er. Dette er tredje året med tap, og andre bønder i området har mista dyr dei òg, fortel Trygve.
I fjor mista Trygve 70 sauer på heia mellom Vrådal og Hauggrend, og nokre vart funne og påvist tekne av gaupe. I tillegg til sauene tekne av ulv nyleg, vart ti sauer angripne av lausbikkjer tidelegare i sommar.
Det som er litt mystisk er at trass i store tap finn me nesten ikkje kadaver. Det synest eg er rart, men eg har høyrt det sama frå andre bønder som har mykje rovdyr i nærleiken. Trass i dyr, fuglar og fluger burde ull og bein vore att, og området her vert grundig tråla av molteplukkarar, jegerar og me som ser etter sauene.
GPS-merka
Gjetarbikkja Pretty svinsar rundt saueinnhegninga, og Trygve slepper ut sauene på jordet for sjølv å reise ut og kikke etter resten av flokken. Dei fire sauene han byrja med i 1975 har blitt til 500 med stort og smått, så det er ikkje lett å halde styr på alle saman. I det siste har han gått til innkjøp av GPS-sendarar til ein del av sauene slik at han lettare kan fylgje med på kvar dei held seg. Han legg fram fleire kart med posisjonane til sauene med namn som Sjova, Bitten og Signe.
Namn etter gamlekjærastar, spøkjer han, og ler godt.
Eg har ikkje eigentleg namn på sauene mine, men eg fann ut at det var enklare å halde styr på dei med sendar når dei hadde namn og ikkje berre eit nummer, held han fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den eine sauen som kom heim av seg sjølv hadde sendar, og kartet viser at den gjekk lange avstandar og nokså rett heim i løpet av få timar. Trygve studerer kartet vidare for å sjå om nokon av dei merka sauene held seg i området der han fann dei ulvetekne sauene nyleg, eit område han har hatt mykje tap i.
Uviss framtid
Me set oss i bilen Trygve får låne av bror sin sidan den har 4-hjulstrekk i motsetnad til hans eigen Toyota Hiace. Det skal det vise seg at me får bruk for. Grusvegane innover er til tider faretrugande bratte og steinute, men me kjem oss fram. I bilen fortel Trygve om korleis rovdyra har fått han til å tvile på framtida som sauebonde.
Eg er ikkje nokon rovdyrhatar, men det blir vanskeleg å halde på med småfe viss det skal halde fram slik som dette. Viss eg får like store tap som i fjor må eg tenkje meg om kva eg skal gjera. Det er ikkje så svært å drive med sau. Eg har stort sett tolv-timars dagar året rundt. Eg kan finne på andre ting òg, eg.
Trygve har tidlegare sett ljost på framtida som sauebonde og har fått tilsegn om utviding av driftsbygginga, men prosjektet er førebels sett på vent.
Det er ikkje interessant å drive dugnad for rovviltbestanden. Eg har i motsetnad til mange andre aldri klaga på økonomien i sauehald eller jordbruk. I fjor fekk eg rovdyrerstatning for mange av sauene eg mista, men det handlar ikkje berre om økonomi. Heile arbeidet eg gjer blir meiningslaust viss rovdyr skal få ta for seg så grovt, seier Trygve.
Han kan fortelje at tap av husdyr til rovdyr har vore ei av årsakene til at andre bønder har slutta.
Mange har gardsdrift som ei attåtnæring, og då gidd ein ikkje å halde på når så mykje av det du gjer er fånyttes. Det at det er færre bønder og husdyr no enn før gjer at sauene mine spreier seg utover eit større beiteområde. Då vert det brysamt å sjå til dei. Heldigvis har eg eit godt samarbeid med jegerar og grunneigarar som seier ifrå viss dei ser noko, tilføyer vrådølen.
Tjuvslakting?
Trygve er med i Roan beitelag som saman med Borgen sambeite i Tørdal og Hjartdal sau og geit har søkt og fått innvilga fellingsløyve på ein ulv i åtte kommunar i området. I fellingsløyvet heiter det at «noverande tap er å betrakte som stort, og det kan være stort potensial for ytterlegare tap». Trygve har med seg rifla si når han er ute og leitar etter ulven og sauer, levande eller døde. Han har ikkje mykje tru på at han får bruk for ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blir som å leite etter ei nål i ein høystakk, men det finst folk som vinn i lotto òg, humrar sauebonden.
Eg har vore mykje ute i skog og mark, men eg har enno til gode å sjå gaupe, ulv eller bjørn. Men dei har sikkert sett meg! Nei, eg blir nok sauegjetar resten av sommaren, eg må finne ut av detta. Det er fleire teoriar som surrar i hovudet mitt. Det kan vera bikkje, ulv, gaupe og tjuvslakting. Eg har funne både sluk i ulla til sauene og feller, noko som er metodar for å fange sau for tjuvslaktarar. Det kan sikkert skje det, men det forklarar i tilfelle berre ein liten del av tapa, for eg har ikkje tru på at det kan skje i dette omfanget.
Mykje rovdyr
Trygve går ut av bilen og lyer. Det er ikkje så mykje som eit bræk eller ei sauebjølle å høyre. Han viser veg inn i eit skogholt for å sjå kor langt nedbrytinga av kadavera etter ulven har kome. Det kan vera nyttig å vita til seinare. Overraskande mykje av sauene som blei funne for ei veke sidan ligg der enno. Det er eit trist syn.
Det har blitt verre dei siste åra, fortel Trygve.
Eg må vera meir nøyen på kva eg sender på heia. I år har eg nesten ikkje sendt nokon trillinglam, berre dei aller største.
Om det hjelper er han usikker på. I fjor var nemleg mange av lamma som forsvann, av dei største og kraftigaste.
Eg trur det er mykje gaupe i området, og eg meiner det er meir både ulv og gaupe her enn ein skal ha det til. Det hadde ikkje forundra meg om det finst to-tre ulvar i Telemark.
Me finn ikkje anten gråbein eller sauene til Trygve denne dagen, men leitinga held fram utover sommaren for den travle sauebonden som kanskje skal ta seg ei veke ferie i august.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ideelt sett burde me bønder vore ute endå meir og sett til sauene, men det er vanskeleg å få tid til det.
Vil opprette skadefellingslag
Telemark sau og geit vil arbeide for å opprette eit skadefellingslag i fylket. På den måten meiner dei det vil vera lettare å felle rovdyra det har blitt gjeve fellingsløyve på.
Det er skadefellingslag andre stadar i landet, men ikkje i Telemark. I ei slik gruppe vil det vera med jegerar som kan vera disponible raskt og rykkje ut når det trengst, seier Jon Aslak Austjore, leiar i Telemark sau og geit.
Tanken er at gruppa også skal kunne hjelpe til med avliving av påkøyrde dyr og andre naudsynte oppgåver. Dette synest sauebonde Gunnar Veum, som er med i Roan beitelag, er ein god idé.
På sommartid er sjansen liten for at me klarar å felle ulv sjølve. Eg trur det hadde vore veldig bra å ha ei gruppe med lønna jegerar som raskt og effektivt kunne vore med på å prøve å felle rovdyr, seier Veum.
Tidlegare regionleiar for rovviltnemnda, Lars Bjådal, meiner det er staten si oppgåve å ta ut rovdyra ein har gjeve løyve til å felle.
Eg skjønar Telemark sau og geit veldig godt, men når staten ved Fylkesmannen gjev skadefellingsløyve, og seier at dette dyret ikkje er ynskt, bør også dei ta ansvaret med å stå i brodden for å drepe rovdyret. Det er ikkje rett at bonden sjølv må stå ansvarleg for fellinga.