– Tek dei oss ut av marknadsreguleringsordninga, at Tine ikkje lenger har plikt til å ta imot geitemjølk, trur eg det er starten på slutten av norsk geitehald, seier Kirsti Sandland i Tokke.
– Tek dei oss ut av marknadsreguleringsordninga, at Tine ikkje lenger har plikt til å ta imot geitemjølk, trur eg det er starten på slutten av norsk geitehald, seier Kirsti Sandland i Tokke.

Tine lovar å ta imot geitemjølk i mange år

Kirsti Sandland i Kvålsgrend fryktar ei landbruksmelding som gjer at Tine ikkje lenger har plikt til å ta imot geitemjølk. Tine svarar at ein uansett vedtak vil hente den unike vara i mange år framover i Vest-Telemark.

Regjeringspartia Høgre og Frp har kome med forslag til landbruksmelding, og skal saman med støttepartia Venstre og KrF snart gje ei felles melding. 25. april skal Stortinget vedta landbruksmeldinga. Dagen etterpå leverer jordbruket kravet i jordbruksforhandlingane.

I Noreg er det 294 geitemjølkprodusentar. 17 av dei er i Vest-Telemark; 1 i Seljord, 2 i Tokke og 14 i Vinje. Geitebøndene er ikkje glade for fleire av punkta i landbruksmeldinga. Eitt forslag er å ta geitedrift ut av marknadsreguleringsordninga, og då får ikkje Tine lenger plikt til å hente geitemjølk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Geitehald er ei nokså viktig næring og skapar arbeidsplassar, spesielt i Vinje der det også er ysteri. Eg er absolutt spent på kva Stortinget vil vedta. Tek dei oss ut av marknadsreguleringsordninga, trur eg det er starten på slutten av norsk geitehald, seier bonde Kirsti Sandland i Kvålsgrend i Tokke.

Tak på tal år med utleige

Regjeringa, med landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) i spissen, vil vidare ha ei ordning med oppkjøp av mjølkekvotar frå gardar som ligg langt frå meieri. Geitebruk i Vest-Telemark ville hatt næraste meieri langt unna, om ikkje Haukeli ysteri hadde eksistert.

– Det er veldig viktig at meieriet på Haukeli overlever, og så lenge dei gjer det er det ikkje fare for oss. Men ein vil likevel ikkje vere like sikre som me er no, seier Sandland, om oppkjøpsordninga som regjeringa ynsker blir ein realitet.

– Det er 294 geitemjølkprodusentar i Noreg. Me har eigentleg ingen å miste, og det er ganske viktig at det er eit miljø. Landbruksministeren seier det er overproduksjon av mjølk. Men det er ei regulering slik at det ikkje er overproduksjon, held ho fram.

For at det ikkje skal vere overproduksjon av mjølk, får ikkje Sandland levere meir enn 96 prosent av kvoten, og det gjeld dei andre geitebøndene også. Om landbruksministeren ynsker å få ned produksjonen, har Sandland dette forslaget:

– Set tak på tal år ein kan leige ut mjølkekvoten.

Geitehald frå 2000

Sandland er nestleiar i Vinje og Tokke bondelag, og har same vervet i produsentlaget Haukeli aust. På garden Tho, der Sandland og mannen Sverre Noraberg held til, byrja ho med geiter i 2000. Frå då av har den tidlegare læraren vore bonde, og har i dag 53 geiter. Mjølkekvoten som høyrer til garden er på 30 000 liter, og i tillegg blir det leigd ein kvote på 18 000 liter frå eit anna bruk.

Geitene blir mjølka ni månader i året. Dei siste to somrane har dyra vore på støylen til Iren Wik Aarbakk og Jon Aarbakk i Åmotsdal. Som regel er det ei budeie på støylen, og nokre gonger er Sandland der sjølv for å hjelpe med mjølkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Optimistisk meieristyrar

TINE Meieriet Haukeli er eit geitemjølk-ysteri som tek imot geitemjølk frå Hordaland, Rogaland og Telemark. Meierisjef Hans Nesheim seier dette om forslaget til regjeringa om at Tine ikkje lenger skal ha plikt til å motta geitemjølk:

– Eg håpar og trur me kjem til å ta imot geitemjølk i mange år framover. Eg trur ikkje geitebøndene har noko å frykte, men eg skjønar uroa dei har rundt forslaget, seier Nesheim.

Meieriet han styrer produserer Frozen Curd som blir eksportert til USA, og i tillegg blir det produsert norsk Chevre Kvitmugg og Naturell til innlandsmarknaden. Ysteriet handsamar 2,3 millionar liter geitemjølk og har 11,9 årsverk.

Vil framleis hente den unike vara geitemjølk

Johnny Ødegård er direktør i Tine rådgjeving og medlem. Han fortel at Tine har anbefalt Stortinget å vidareføre dagens marknadsreguleringsordning.

– Me håpar at forslaget som ligg i landbruksmeldinga blir korrigert, og at politikarane tek kloke avgjerder, seier Ødegård.

Han seier dette om kva som vil skje uansett kva Stortinget vedtek:

– Geitemjølk er ei heilt unik vare, og dei produkta som blir laga på meieriet i Haukeli er også heilt unike. Det vil bli henta geitemjølk i Vest-Telemark i mange år framover, lovar direktøren i Tine.