Tiuren nærmar seg seksti år – like kvik
Laurdag var det haustfest i Tiuren 4H i Brunkeberg. Femten medlemer hadde stilt ut arbeida sine, og ein fullsett gymsal i Brunkeberg oppvekstsenter fekk ein triveleg kveld med god underhaldning.
– Me har femten aktive medlemer i år – fire gutar og elleve jenter, forklarer klubbleiar Kristin W. Evja.
Av dei femten skal heile fem få plaketten i år. Den utdelinga skjer i Fyresdal seinare i haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er sjeldan at så mange går ut samstundes. Så vidt eg veit er me det laget med flest plakettmottakarar i heile Telemark i år. Det betyr at me må rekruttere nye medlemer, seier klubbrådgjevar Magne Rognsvåg.
Aktiv 59-åring
Foreininga blei stifta i 1957, og det betyr at Tiuren 4H kan feire 60-årsjubileum neste år. Laget har heile tida vore aktivt.
– Det har vore mange aktivitetar, og årets utstilling er ganske variert. Du vil finne friluftsliv, jakt og fiske, husdyr, kjæledyr og mykje handarbeid for å nemne noko, seier klubbleiar Evja.
Ho fortel at alle medlemene sist vinter var på klubbtur til Hallbjønnsekken der dei gjekk på ski. Sjølv var ho og nestleiar Ingvild Groven på landsleiren i Oslo i sommar. Det gav meirsmak.
– Det var utruleg moro, og det er fint å møte folk med felles interesser. I tillegg blir ein kjent med nye folk. Eg vil påstå at å vere med i 4H er den beste fritidsaktiviteten du kan ha, seier Evja, som er leiar på andre året.
– Eg fekk så gode attendemeldingar etter det fyrste året at eg takka ja dette året også, legg ho til.
Slutt på vekttal
Evja veit ikkje kvar neste års landstreff skal vere, men ho veit at det skal vere Nordisk leir i Vestfold. Dit kan ho tenkje seg å reise.
– Det hadde vore moro, men me får sjå kva det blir til. Det kjem an på tidspunkt og litt forskjellig, smiler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare betydde ei 4H-karriere at ein fekk vekttal (studiepoeng) som var viktig for å kome inn på høgskular og liknande. Den ordninga blei borte for ein del år sidan.
–Ja, dessverre. Men eg trur framleis at det betyr noko å ha ei 4H karriere på CV-en, seier Rognsvåg.
Artig underhaldning
Det var 4H-medlemene sjølve som stod for underhaldninga, og det heile starta med ein kviss. Tre frå salen blei henta fram, deriblant ordførar Tarjei Gjelstad.
– Kva dyr er skogens konge – er det 1. Elgen, 2. DDE eller 3. Lars Monsen, ville kvissarane vite.
Svaret til deltakarane var elgen, men det rette svaret var visst Monsen. Slik gjekk dei neste par spørsmåla og svara også.
– Det blei berre eitt av fire moglege poeng, men poenget kom då eg skjøna teikninga med Monsen, ler Gjelstad.
Artige sketsjar og utdeling av merke og skeier avslutta den trivelege haustfesten til Tiuren 4H i Brunkeberg.