Kristian Lauvik Gjelstad frå Morgedal sikra seg to fyrsteplasser i Telemark i helga.
Kristian Lauvik Gjelstad frå Morgedal sikra seg to fyrsteplasser i Telemark i helga.

To gonger på toppen av pallen

Telemarkstalentet Kristian Lauvik Gjelstad frå Morgedal gav gass og sikra seg to fyrsteplassar i noregscupen i Telemark i helga.

I helga vart det arrangert noregscup i Telemark i Oslo, og morgedølen Kristian Lauvik Gjelstad stakk av med fyrsteplassen både i sprinten på laurdag, og i klassisk på sundag. På laurdag leia Gjelstad med to hundredelar etter fyrste omgang, før han til slutt vann med fem hundredelar. Marginen var større dagen etter, då han vann med nesten to sekundar.

Maja E. Brynilsen og Brage Osen Gjølberg, også frå Morgedal IL, hadde litt stang ut i helga. Dei fekk som fyrsteårsjuniorar merke at nivået og konkurransen i juniorklassene er tøffe, og må bruke desse konkurransane fyrst og fremst for å kjenne på nivået.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjelstad har att ein sesong som junior, og skal køyre WC på Rjukan og junior-VM i Sveits før han tek påskeferie. Sesongen blir avslutta etter påske med NM i klassisk og fjelltelemark i Sogndal.