Los Amigo og eigar Asbjørn Lognvik er klare for Norsk Travderby på Bjerke sundag. Lognvik håpar hesten ikkje blir for hissig frå start.
Los Amigo og eigar Asbjørn Lognvik er klare for Norsk Travderby på Bjerke sundag. Lognvik håpar hesten ikkje blir for hissig frå start.

To hestar frå Vest-Telemark klare for Derby

Førre onsdag kvalifiserte både Los Amigo og Frigg Elden seg for årets store travløp, Norsk Travderby på Bjerke.

Dei to 4-åringane blei båe nummer tri i sine kvalifiseringsløp. Los Amigo, som er eigd av Asbjørn Lognvik frå Flatdal, klarte ikkje å kvalifisere seg for Norsk travkriterium som 3-åring, og Lognvik gler seg til festdagen på Bjerke sundag.

– Det er årets største løp og mykje meir enn eit vanleg travløp. Sjølvsagt er det moro å få vera med, seier Lognvik om løpet som har 750.000 kroner i fyrstepremie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han innser at kampen om topp-plassering blir tøff, men Lognvik har eit håp om å kjempe om plassane bak favorittane Jetstile, Mystical Dream og Ask For More.

For å vera med på kriterium (for 3-åringar) eller derby (for 4-åringar) må hesten vera påmeldt alt frå fødselen. Med andre ord skal 700-800 hestar i årsklassa bli til dei 12 hestane som utgjer finaleheatet.

Hissig frå start

Los Amigo er ein hissig hest, som same kva ynskjer å kome til tet frå start. Koste kva det koste vil, noko som gjer at han ofte galopperer. No håpar Lognvik hesten skal kome godt i gang frå 9. spor.

– Me kjem til å tette øyro hans så godt me kan, slik at han ikkje høyrer noko. Målet er å kome feilfritt ut i rygg, seier Lognvik.

Totalt har hesten tent i overkant av 100.000 kroner, men det kunne lett ha vore meir.

– Han har feila bort meir enn han har tent, meiner Lognvik, og viser mellom anna til eit løp på Biri der Los Amigo galopperte to meter frå mål når han leia løpet.

– Det er litt vinn eller forsvinn. Til vanleg er han roleg og fin, det er han også på varming før løpet. Men så fort det er alvor skal han fyrst, seier Lognvik om hesten som har tri sigrar i år.

Til vanleg er det Eirik Høitomt som kuskar Los Amigo, men sundag er det Lars Anvar Kolle som sit bak 4-åringen frå Flatdal med det meksikansk klingande namnet. Asbjørn Lognvik trenar sjølv hesten heime i Flatdal. Han har tidlegare hatt mange hestar på stallen, men no er det berre Los Amigo og åringen Los Ari att på garden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av fire

Frigg Elden, eigd av brørne Svein og Kristian Versto frå Vinje, var også kvalifisert til Norsk Travkriterium i fjor. Han er ein av fire hestar som har klart og kvalifisere seg for både kriterium og derby. I fylgje Kristian Versto har ikkje hesten vore heilt i slag den siste tida, men Versto har tru på at Frigg Elden kan vera med og kjempe om ein fjerdeplass.

– Det er stort bare å vera med, men det er mange gode hestar med, understrekar Versto, som trur HG Balder, Mørtvedt Jerkeld og Alm Viktor gjer opp om dei tri fyrste plassane.

Frigg Elden har i år tri andreplassar på elleve startar. Totalt har han køyrt inn 430.000 kroner.

Eigarane av dei to hestane er båe medlem av Kviteseid og Seljord tråvlag, og Asbjørn Lognvik synest det er moro at to hestar frå travlaget er kvalifiserte for den store travdagen på Bjerke.

– Det har ikkje skjedd før, opplyser Lognvik.