Det blei to gull på Kristian Lauvik Gjelstad frå Morgedal IL under NM for juniorar i helga.
Det blei to gull på Kristian Lauvik Gjelstad frå Morgedal IL under NM for juniorar i helga.

To NM-gull i telemarkskøyring

Kristian Lauvik Gjelstad (19) frå Morgedal IL blei i helga dobbelt noregsmeister blant juniorane.

Morgedal IL og Skarphedin IL arrangerte sist helg NM i telemarkskøyring for juniorar og seniorar på Haukelifjell skisenter i Vinje kommune. Køyringa var også noregscuprenn. Laurdag var det parallellkøyring, der to og to kjempa mot kvarandre. Men fyrst var det prolog. Kristan Lauvik Gjelstad og Brage Osen Gjølberg (16) frå Morgedal IL var dei to gutane frå Vest-Telemark som stilte i juniorklassa med åtte deltakarar.

Gjelstad har frå før sterke resultat bak seg, mellom anna fekk han både VM-gull og -sølv i juniorklassa sist sesong. For éin månad sidan blei det karrierebeste som senior då han blei nummer 11 i verdscupen. Det er ikkje eigen verdscup for juniorar, men dei kan stille i seniorklassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjelstad hadde dette å seie til VTB like etter fyrste av to omgangar i prologen på Haukelifjell:

– Det var ein grei omgang, men det er mogleg å køyre fortare. I andre omgang er det bare å kline til.

Betre enn seniorane

Og det gjorde 19-åringen verkeleg, slik at det enda med den gjevaste medaljen. Under sundagens sprint gjorde han det endå betre, for då hadde han ikkje bare beste tid blant juniorane, men også seniorane.

– Målet mitt var to NM-gull, men det var harde konkurrentar, så ingenting var sjølvsagt. Artig at det blei to gull. Køyringa sette seg meir og meir, og det var bra å få bekrefta at forma held seg, seier Gjelstad.

Tysdag reiser han til Frankrike til ny runde i verdscupen.

– Eg skal køyre mot dei store gutane, det blir moro, seier den ferske noregsmeisteren.

Fornøgd

Brage Osen Gjølberg sa dette etter fyrste delen av prologen laurdag:

– Eg er fornøgd med køyringa, men eg fekk tre tillegg i portane og dei må eg få bort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utpå dagen ventar parallellkøyring:

– Det er ikkje mi sterke side, for eg ser bort på motstandaren litt mykje, seier sekstenåringen.

Laurdag var det blå himmel, ti kuldegrader og litt vind i bakken.

– Det er veldig fint å vere her i dag, eg storkosar meg og bryr meg ikkje om kulda, seier Gjølberg.

Det viste seg at han blei utslått i kvartfinalen, og enda på 5. plass, éin plass betre enn sundagen for ungguten som går på skigymnas der satsinga er telemark.

– Eg lærer veldig mykje på skigymnaset, seier Gjølberg.

Kline til

Blant juniorjentene var Maja Nordskog Ek Brynilsen (16) frå Morgedal IL ein av totalt 13 deltakarar. Etter fyrste runden i prologen sa ho dette:

– Det gjekk fort. Eg er litt misfornøgd med teknikken, men elles gjekk det veldig greitt. Nå er det bare å kline til når det blir åttandedelsfinale seinare i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brynilsen blei slått ut i kvartfinalen, og enda på 5. plass. Dagen etterpå blei ein sjuandeplass resultatet for jenta som byrja med telemarkskøyring som femåring. Då hadde ho alt gått mykje på bortoverski.

– Det er veldig moro med telemarkskøyring, og det er eit veldig bra miljø. Det handlar ikkje om å vere best, men om å ha framgang. Eg skal fortsette med telemark, eg kan ikkje stoppe nå, seier sekstenåringen med eit smil.

Den fjerde og siste vesttelen som deltok i NM var Magnus Østvoll frå Vinje IL. 1983-modellen var ti år eldre enn den nest eldste blant dei fem seniorane i klassa. Østvoll var med i si fyrste tevling i telemark, og det på lånte ski.

– Eg blei med fordi eg hadde lyst til å prøve. Fyrsteomgangen gjekk bra, dette er moro, seier han.

Østvoll blei nummer fem båe dagane.

Knirkefritt

På Haukelifjell denne helga var det også hovudlandsrenn for aldersbestemte klasser, men ingen vesttelar deltok der. Det var i tillegg rekruttrenn frå 10 år og yngre. Einaste vesttele der var Tuva Nordskog Ek Brynilsen i klasse 9-10 år.

Tarjei Gjelstad frå Morgedal IL var med i rennleiinga og stod for speakertenesta. Sundagen blei det litt utfordring for arrangementet på grunn av kulde og aukande vind.

– Me fekk gjennomført etter planen før det blei skikkeleg uvêr. Arrangementet dei to dagane gjekk eigentleg knirkefritt. Me har fått gode tilbakemeldingar, og det var eit godt samarbeid med skisenteret, seier Gjelstad.