Toppar handelsstatistikken suverent
Seljord er i særklasse best i fylket på omsetning per innbyggjar, men næringslagsleiaren bed om at det blir gjort grep for at handelsveksten skal halde fram.
Seljord har i fleire år vore handelshovudstaden i Telemark målt i omsetning per innbyggjar. Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at «kvar seljording» i 2010 handla for 119 628 kroner. Dette er ein liten auke frå 2009.
Omsetningsstatistikken viser den totale omsetninga delt på innbyggjartalet i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seljord er den einaste kommunen i Telemark som har eit snitt på meir enn 100 000 kroner per innbyggjar. Bø er nummer to med 95 855 kroner per innbyggjar, men kommunen har hatt ein liten nedgang frå 2009, og hadde også nedgang året før.
Meir handel i Vest-Telemark
I Vest-Telemark fylgjer Vinje, Nissedal, Kviteseid, Fyresdal og Tokke på dei neste plassane. Alle kommunane i regionen har hatt omsetningsauke sidan 2009. Størst har auken vore i Nissedal der det i fjor blei handla for 57 989 kroner per nissedøl ein vekst på meir enn 3 000 kroner per innbyggjar. Også i Vinje er det ein god auke på omsetningsstatistikken 2 500 kroner meir per innbyggjar enn i 2009.
Gunnar Eilefstjønn, styreleiar i Seljord næringslag, registrerer at tala framleis er positive i kommunen, men han er opptatt av å vere rusta til å møte framtida. Han ser framgangen i Vinje, og trur at dette er ein trend som vil halde fram.
Det er gode tal, men Seljord må skjerpe seg om me framleis skal ha vekst. Eg er ikkje uroa for topp-plasseringa på statistikken, men for å framleis vekse må me sjå framover, seier Eilefstjønn.
Han trekkjer fram arbeidet med ny kommunedelplan som viktig, og spesielt området frå E 134 retning sentrum der han meiner det må tenkast nytt.
Haldninga om å vere restriktiv til forretningsbygg i dette området bør bli revurdert. Dette er eit kjempeinteressant og framtidsretta område, meiner Eilefstjønn.
Me må tenkje nytt, seier han, og varslar at næringslaget vil engasjere ein framtidsforskar til å sjå på scenario i Seljord.
Verda er heile tida i rørsle, seier Eilefstjønn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er også opptatt av at det må bli fleire sentrumsnære tomter i kommunen.
Det er eit problem at me ikkje har fleire sentrumsnære tomter. Behovet er stort, seier han.