Tor Arve Vartdal frå Flatdal byrjar som dagleg leiar i VTB 1. september.
Tor Arve Vartdal frå Flatdal byrjar som dagleg leiar i VTB 1. september.

Tor Arve blir ny dagleg leiar i VTB

I 15 år har han hatt heile verda som arbeidstad. No blir Dubai og Brasil bytta ut med Vest-Telemark.

– Kortare reiseveg, men like eksotisk, ler 49-åringen frå Flatdal.

Sjølv om han får kontoradresse i Kviteseid har ikkje den nye daglege leiaren planar om å sitje for mykje inne. Han vil ut å møte lag, organisasjonar, kommunar og næringslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil at avisa skal vera endå meir synleg overfor annonsørane, seier Vartdal.

Han er også opptatt av at avisa skal vera med i folks hovud i kvardagen, og ynskjer seg fleire abonnentar blant småbarnsfamiliane.

– Familiane i Vest-Telemark skal ha VTB liggande på kjøkenbordet. Papiravisa kjem berre to dagar i veka, og ho er ikkje så tjukk at det blir noko miljøproblem, seier han med eit smil.

Vartdal tek over jobben etter Stein Olav Lie som har byrja i ny jobb. Han startar 1. september. I VTB er det to-leiarmodell med dagleg leiar og redaktør. Vartdal vil mellom anna ha ansvar for økonomi og sal, medan redaktør Øystein Øygarden framleis har ansvaret for det redaksjonelle.

Flatdølen kjem opphavleg frå Rjukan. Han kjenner avisbransjen godt sjølv om han ikkje har jobba i avis tidlegare.

– Eg har sett avisbransjen frå utsida i 23 år, seier han.

– Og så har eg ein forkjærleik for lokalaviser, legg han til.

Han har erfaring både frå medieovervakingsbransjen og med digitalisering av aviser, og var mellom anna sentral då VTB i 2012 som den fyrste lokalavisa digitaliserte sitt historiske arkiv tilbake til 1973. Han har jobba i selskapet Zissor sidan 2003.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er gift og har to barn på høvesvis 17 og 13 år. Etter mykje pendling og reising dei siste åra ser han fram til å vera meir heime med familien.

– Når eg kom heim frå jobbreiser ville eg før mest av alt vera heime i helgene. No blir det nok motsett med å leggje reiser til helgene og jobbe når eg er heime, seier han.

På fritida er han mellom anna kasserer i Flatdal skulekorps og han er med i vikinggruppa Olavs menn.