Tov Vestgården måtte evakuere frå huset ved Madeira Beach, men då han kom tilbake måndag kveld (norsk tid) var det heldigvis ikkje store øydeleggingar.
Tov Vestgården måtte evakuere frå huset ved Madeira Beach, men då han kom tilbake måndag kveld (norsk tid) var det heldigvis ikkje store øydeleggingar.

Tov frå Seljord var midt i Florida-orkanen

Tov Vestgården har budd 20 år i Florida, i helga måtte han evakuere frå huset for fyrste gong. Saman med dottera flykta han frå orkanen Irma.

– Eg har aldri vore så redd på dei åra eg har budd her. 

Me får kontakt med Tov Vestgården frå Seljord på Facebook messenger måndag ettermiddag. Saman med dottera måtte han evakuere frå huset ved Madeira Beach ein 40 minuttars biltur frå byen Tampa. Det var dit Tov reiste saman med dottera for å sleppe unna orkanen Irma. Saman med ein annan norsk familie søkte dei tilflukt på jobbkontoret. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Evakuerte til kontoret

– Byen ligg litt innover landet og ein del høgare. Dette er eit stort bygg og har mange rom utan vindaugo. Her har me følt oss trygge, fortel han like etter å ha vakna. 

Han har stort sett sove gjennom uvêret. Orkanen blei aldri like skummel som alle frykta. Det var varsla at den kunne vere i den høgste kategorien (5), men heldigvis roa Irma seg ned før ho traff kysten av Florida der seljordingen har budd dei siste 10 åra.

– Før orkanen kom såg det verkeleg ille ut for Tampa og området me bur i. Heile området har tatt det seriøst og eg har aldri sett det slik før. Det er jo ein del stormar her og folk bryr seg ikkje alltid like mykje. Men nå ser det ut som me har vore heldige. 

For då Tov vakna i går hadde vinden løya utan å ha gjort store øydeleggingar i byen. Då orkanen fyrst kom til byen var Irma nede i kategori 1. 

– Nå er det ganske roleg her og me er snart på veg til sjøen og huset vårt som ligg rett ved stranda. Det skal vere greitt å reise tilbake nå, men me veit ikkje om huset har fått noko skade enno. Det er det store spenningsmomentet nå, fortel seljordingen. 

Evakuerte før det var nødvendig

Dei fekk ikkje lov til å køyre over til huset som ligg på ei øy med ein gong, men etter vasstanden sank slapp dei over. Der var det lite skader å sjå, einaste var eit tre som hadde felle over naboens hus, men ingen var i huset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei slapp unna det som kunne blitt ein katastrofe. Bileta frå Houston for kort tid sidan gjorde nok situasjonen enda meir alvorleg. 

– Utan tvil. Det gjorde nok til at folk tok det meir seriøst enn dei brukar. Eg er veldig glad me reiste hit. Eg er kjent for å vere seint ute, men i dette tilfelle var eg veldig tidleg og evakuerte nok 12 timar før det var nødvendig. Me ville ikkje ta nokre sjansar, fortel han. 

Vestgården tok doktorgrad i USA og starta eige selskap som han framleis driv. Dei har utvikla ryggradsapparat som dei sel til sjukehus og kirurgar.