Trafikkulykke i Brunkeberg og Morgedal
To trafikkulykker på E134 tysdag.
Politiet i Telemark melde tysdag på Twitter at ein lastebil bremsa opp for ein bil som stod i vegkanten av E134 like nord for Brunkeberg, og eit vogntog som kom bak, bremsa også opp. Dette resulterte i at tilhengaren fekk sleng, gjekk over i motgåande køyrebane, og traff ein møtande personbil.
Det var to personar i personbilen, den eine hadde ein skade i foten. Føraren av lastebilen var uskadd, melder politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Få timar seinare kom ei ny melding om trafikkulykke på E134, denne gongen i Morgedal.
Politiet melde at to personbilar hadde kollidert ved avkøyringa til Morgedal sentrum frå E134. Ambulansen undersøkte to personar som var involvert i ulykka, og eitt køyrefelt var stengt.