Traktordrama på bygdetunet
Traktoren Gråtass hadde torsdag kveld lagt turen til Kviteseid Bygdetun, og 400-450 foreldre og born tok han vel imot.
Fleire hundre born og foreldre møtte opp til framsyninga med Gråtass torsdag kveld. Det er lenge sidan det har vore så mykje folk på ei barneframsyning i Kviteseid.
Spelet om Gråtass handlar om ein bonde (Goggen) som bur åleine på ein gard. Det kjæraste han har er traktoren Gråtass som kan snakke. Goggen manglar noko i livet for å bli lykkeleg, og saman med venene Gamlefar og Grynet sett han opp ei plakat som liknar ei kontaktannonse, der han lyser etter ei god kone.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein dag kjem det nokre bandittar innom garden. Dei har hørt om denne traktoren til Goggen, og har planar om å stele han. Dei finn ikkje traktoren på tunet, men dei ser denne etterlysinga av bondekone til garden. Dei får då ein ny plan om at ein av dei skal kle seg ut som dame, med parykk sminke og det heile. Planen er å gifte seg med Goggen og skilje seg dagen etterpå. På den måten vil kona (banditten) få halve traktoren etter skilsmissa.
Planen deira er god, men traktoren Gråtass ser nokre ugler i mosen. Han kjenner att sokkane til ein av bandittane, og fortel det til Goggen og venene hans. Det heile endar med at bonden lurar bandittane og gjev dei ein lærepenge dei seint vil gløyme.
Storsatsing blei suksess
I fjor leigde Kviteseid bygdetun inn ein eventyrforteljar, men ikkje ein einaste person dukka opp. Då tenkte dei at neste år skulle dei satse større.
Me valde å satse stort og bruke meir pengar. Valet fall på familieteateret Gråtass, og det har blitt ein suksess. Det var 370 betalande gjester, men det var mellom 400 og 450 totalt, seier styreleiar i Kviteseid bygdetun, Tone Syftestad.
Familieteateret er kjent i heile landet og det skulle godt gjerast å finne betre trekkplaster til Bygdetunet.
For høvet har me laga til ein ny kiosk i eldhuset på tunet slik at me hadde to utsal for kaffi pølser og is. All organisering og arbeid rundt denne kvelden er fordelt på 20 dugnadsivrige personar. Det var eit knallbra oppmøte trass i regnvêret som har pøst ned heile dagen, og heldigvis gav regnet seg når framsyninga tok til, avsluttar Syftestad.