Rita Metveit, Geir Bjaaland og Petter Hvistendahl (t.h.) er glade for at tråvlaget no har fått eigen stall og ein møteplass dei har drøymt om lenge. I dag er det tri hestar i stallen; Sugarina Land (t.v.), andelshesten Carita Tribute og Barbie Flower.
Rita Metveit, Geir Bjaaland og Petter Hvistendahl (t.h.) er glade for at tråvlaget no har fått eigen stall og ein møteplass dei har drøymt om lenge. I dag er det tri hestar i stallen; Sugarina Land (t.v.), andelshesten Carita Tribute og Barbie Flower.

Tråvlag med bygningssprang

Fyresdal Tråvlag har gjennomført eit stort og etterlengta bygningssprang etter god hjelp frå dugnadsånden. Resultatet er ein eigen møteplass og stall som kan få fleire til å ta spranget inn i medlemsflokken.

I fleire år har Fyresdal Tråvlag snakka om å byggje eigen stall. Laget fann det nesten umogleg å få tak i nokon permanent plass, trass i mange ledige bruk i bygda. Derfor konkluderte medlemene med at no var tida komen for å føre opp eige bygg.

Grunneigar og kommunen var velviljug med eit område like ved flyplassen, der laget elles har ein 600 meter lang rakbane som gjev god sjanse til å trene. I oktober 2004 blei stalltomta rydda, og i juli starta byggjearbeidet. I starten av november kunne dei fyrste hestane ta plass i eit nybygg på 120 rutemeter. I dag er det fem boksar der, men det er mogleg å sette inn fleire. Vidare er det eit klubbrom og plass til hesteutstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnarbeidet og råbygget blei sett bort, medan resten er utført som dugnad av medlemene. Prisen på bygget blei 500.000 kroner. Laget fekk tilskot på 170.000 kroner av travsportmidlane. Resten av investeringspengane er eigenkapital og lån.

Auka medlemstal

– Me hadde ingen møteplass før me fekk dette bygget. No har me realisert eit bygg me har drøymt om lenge. Med eigen stall i laget håpar me hesteinteressa skal auke endå meir og at folk er innom her. Og det har vist seg å slå til. Stallen gjer det mogleg for medlemene som ynskjer det å ha eigen hest og ein plass der han kan vere, seier Geir Bjaaland, leiar i Fyresdal tråvlag, og medlemene Rita Metveit og Petter Hvistendahl.

Vidare fortel dei at satsinga på to andelshestar har auka medlemstalet. Når 18 personar er med og eig to hestar, reduserer det utgiftene.

– Og inntektene, sjølvsagt, legg Bjaaland til.

For tida er det tri hestar i stallen, men det er rom for fleire. Og nye medlemer er velkomne i laget.

– Me har plass til fleire som vil gjere eit sprang inn i medlemsflokken, avsluttar Bjaaland.

Fyresdal Tråvlag

Laget blei tatt opp i DNT 1. januar 1984, og denne dagen er også rekna som stiftingsdato. Det heile starta då tråvglade Tormod Thorbjørnsen like før 1980 flytta til Fyresdal som lensmann. Hesten hans fekk namnet Hegglandsgutten, sidan lovas lange arm budde i Hegglandsgrend.

Hesteinteressa til lensmannen var ein fordel for fyresdølar som sysla med tanken på å byrje med hest. Og eit stort lyft i premiane ved innføring av V 65 i 1982, gav skyhøg optimisme som smitta over på fyresdølane. Somme av dei fann ut at avl av travhestar var meir lukrativt enn å drive med sau eller andre ting. Tidleg på 80-talet kjøpte lagsmedlemer inn åtte avlshopper av varierande kvalitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kvart viste det seg at innteninga ikkje blei så god som venta. Ein del av dei hesteinteresserte fall frå. Laget har på det meste hatt 60 medlemer.

Hestane i Fyresdal har opp gjennom åra vore ei blanda forsamling, men heile tida har det vore nokon som deltok i løp. I 2004 kunne medlemer i laget totalt innkassere 180.000 kroner etter løp. Ymse småting og skadar gjorde at fjoråret blei heller skralt.

I dag er det 30 medlemer i Fyresdal Tråvlag. Av dei totalt 17 hestane medlemene rår over, er fire løpshestar, resten er avlshopper og unghestar. 18 personar er med på to andelshestar i laget.

Fire av medlemene i laget held til på Fjone. Der har Ivar Hogsrud avlshoppa Bella Coal stasjonert, den mestvinnande varmblodshoppa gjennom alle tider i Noreg.

Fyresdal Tråvlag sin beste løpshest var Superina Land. Geir Bjaaland eigde 50 prosent, men har selt seg ut av hesten i seinare tid. Superina Land køyrde inn litt over ein million kroner.

Travkøyrarforeining i 1886

I Fyresdal har det vore kappkøyring med hest heilt tilbake til før 1900-talet. Fyresdal Tråvlag sit med kopiar av statuttar og reglement for «Fyresdals travkjørerforening» av 1886. Køyringa føregjekk mykje på isen.

I «Reglement for Fyresdals travkjørerforenings kaprend» står det mellom anna: «Såfremt intet andet udtrykkelig er bestemt, kappes der om vinteren i smalslæde og om sommeren i karjol».