Telemarkskanalen hentar om få dagar den grå flytande brakka som har ligge fortøydd til Kviteseid bryggje sidan juni 2014 – nå får campinggjester i Lunde høvet til å overnatte i brakka.
Telemarkskanalen hentar om få dagar den grå flytande brakka som har ligge fortøydd til Kviteseid bryggje sidan juni 2014 – nå får campinggjester i Lunde høvet til å overnatte i brakka.

Tre år langt kanalhotellbesøk over

Etter tre år på lån reiser det vesle flytande bryggjehotellet frå Kviteseid til Lunde – og Kviteseidbyens står på ny utan overnattingstilbod.

I juni 2014 blei den flytande brakka slepa opp Telemarkskanalen, inn Sundkilen og fortøydd til Kviteseid bryggje. Brakka kom opp kanalen i samband med prosjektet «Kviteseid i framtida» då ideen om eit flytande overnattingstilbod i sentrum, ja, faktisk det einaste overnattingstilbodet som i perioden har vore å oppdrive i Kviteseidbyen – blei etablert. Kviteseid kommune såg behovet for eit lågterskeltilbod, og eit billegare overnattingstilbod med brakka som inneheld totalt åtte sengeplassar, og som blei lånt til kommunen av Telemarkskanalen.

Brakka hadde tidlegare blitt bruka som arbeidsbrakke for fløytarane på kanalen før Telemarkskanalen pussa opp flytebrakka og ho blei tatt i bruk som overnattingsstad på Notodden.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor haust varsla Telemarkskanalen DFK at dei ville ta tilbake den flytande bygningen, som har hatt rolla som verdas minste kanalhotell i Kviteseid. Dette blei avgjort etter at det var usemje i det lokale næringslaget om å behalde flytebrakka, og kommunen valte difor ikkje å pusse opp bygget slik det eigentleg var planar om.

Fjorårets drivarar av serveringsstaden og turistinformasjonen på brygga, merka behovet for overnattingstilbod i sentrum, og såg potensiale i det vesle bryggehotellet. Dei kunne gjerne tenkt seg å utvikla den vesle overnattingsstaden – men då var avgjerda om flytting alt tatt.  

– Flytebrakka blir flytta frå Kviteseid til Lunde nå i juni. Den vil bli slepa ned til Lunde kanalcamp, som skal ha ansvaret og drifte henne i sommar. Det er mannskapet vårt som i desse dagar er på inspeksjon og vedlikehaldsrunde med arbeidsbåt på kanalen som tar flyttejobben, seier driftsleiar for Telemarkskanalen DFK, Agnar Waldemarsen.