Tre kampar att – men serien er vunnen
Ynsket var å byggje eit godt lag – og det har Seljord/Kviteseid-damene verkeleg klart. Alt nå kan dei juble over at dei er serievinnarar.
Tre kampar står att før årets fotballsesong for samarbeidslaget Seljord/Kviteseid avsluttar årets sesong.
– I tillegg blir det krinskamp 16. oktober. Eg håpar at me får kampen til Seljord. Vinn me den er me krinsmeistrar for 7-ar-damer i Telemark. Det hadde vore moro, seier lagleiar og kaptein, Carina Thorvaldsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då VTB møtte damelaget rett før serien tok til i vår var spelarane fast bestemt på at dette skulle bli ein sesong der dei skulle jobbe for å byggje eit lag, ha det moro saman, skape eit tilbod om fotball lokalt og for dei som er for gamle til å spele på 16-årslaga.
– I den fyrste kampen i vår møtte me Kvitsund. Me skulle vinne, men fekk ikkje ballen i nettet. Kampen enda 0-0. Neste kamp var mot Rjukan – då vann me 4–2 og etterpå har me vunne alle kampane me har spela, seier Thorvaldsen.
11-ar på sikt
Målet til Thorvaldsen er å byggje eit 11-ar-lag for kvinner i Vest-Telemark på sikt.
– Men slik det ser ut nå blir det nok ein sesong til med 7-ar – men det kan jo endre seg, seier ho.
– Målet er framleis å ha eit tilbod om fotball for kvinner, og det har vore stor interesse. Om det er fleire som har lyst til å bli med oss er dei velkomne, seier Thorvaldsen.
Ho er glad for at mange møter opp på heimekampane, og for alle dei fine tilbakemeldingane laget får via Facebooksida.
– Det er moro å sjå at det er så mange som fylgjer med. Me er ein god og positiv gjeng som er snille med kvarandre og jobbar for å byggje kvarandre opp. Me er eit lag der negative kommentarar og dårleg stemning ikkje er velkomen – og det føler eg me har greidd. Det skal vere moro å spele fotball, seier ho.
– Eg det noko du ser at laget treng jobbe med for å spele endå betre saman?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er nok litt råka av «Seljordfenomenet», som dei kallar det, ler ho og forklarar at spelarane kan bli betre til å snakke saman på banen.
– Og vil me få til eit 11-lag må me trene meir på fleire posisjonar på banen, legg ho til.
Positivt overraska
Men fyrst skal laget fullføre årets sesong. Kapteinen innrømmer at spelarane hadde trudd dei ville liggje litt lenger ned på tabellen, og er stolt over at dei nå kan skilte med elleve strake sigrar.
– Draumen er å fullføre serien utan tap, og eg er positivt overraska over korleis me spelar saman. Me utfyller kvarandre og har gode spelarar i alle posisjonar. Det har vore ein fantastisk sesong, seier Thorvaldsen.
– Me har tre harde motstandarar att, men to av dei er på heimebane, det kan vere ein fordel. Målet er å vere ubesigra, men blir det eitt tap skal det nok gå greitt det og, serien har me uansett vunne, seier kapteinen på Seljord/Kviteseid.